Kompetanse i data og digitale verktøy er viktig for å meistra kvardagen. Mange slit med å finna ut korleis dei skal skriva e-post, betala rekningar i nettbanken, eller bestilla time hjå fastlegen.

No vil kommunen sikra denne kompetansen hjå innbyggarane.

I to år har Stavanger kommune gjort seg verdifulle erfaringar om innbyggjarane sine behov for digital kompetanse gjennom pilotprosjektet Digihjelp. Erfaringane frå dette arbeidet ligg til grunn når kommunen no etablerer datahjelp som eit fast tilbod i alle kommunedelane.

Hjelp til sjølvhjelp

Ved å styrka den digitale kompetansen og deltaking er det enklare for kommunen å kommunisere med innbyggarane, og kan legga til rette for for aukande grad av sjølvbetening og automatisering.

– For å klara dette er det avgjerande at innbyggarane har tilstrekkeleg digital kompetanse slik at alle får same moglegheit til reell medverking. Dette må sikrast gjennom opplæring for auka digital kompetanse slik at innbyggarane finn informasjon, forstår den og kan bruka den, skriv prosjektleiar for datahjelp, Mariann Strandvåg, på kommunen sine heimesider.