Korleis ser framtida til landbruket ut?
Statsforvaltaren vil gjerne vita korleis det ligg an med rekruttering og kva bøndene i Rogaland tenker om yrket i framtida.
- Oddbjørg Måland
Det handlar blant anna om å kartleggja framtida til næringa, korleis interessa er for å satsa på landbruket i Rogaland, og korleis midla som Innovasjon Noreg deler ut, skal prioriterast.
Det er Bondevennen som fyrst skreiv om saka.
Sikra framtida
Spørjeundersøkinga, som har fått tittelen «Mat må me ha – men takast bonden for gitt?» er sendt ut elektronisk til alle bønder som søkte om produksjonstilskot i oktober 2022.
Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør i Rogaland, håpar bøndene vil ta seg tid til å svara.
– Svara er viktige for å finna ut om det er evne og vilje til å satsa i landbruket i Rogaland i framtida, seier Rosnes. Han held fram:
– Me spør kva kommune dei held til. Slik kan me kartlegga korleis stoda er i dei ulike kommunane og regionane i fylket. Spørsmåla er forma slik at det skal vera lett å svara, og det skal heller ikkje ta mange minuttane. Eg håpar alle vil svara for dette er viktig for at me saman kan ta gode val for å sikra rekruttering i matnæringa, oppmodar Rosnes.
Svarfrist er 31. oktober, og deltakinga er annonym.