FINNØY: Det er foreløpig full stopp i byggearbeidet med sjukeheimen på Finnøy, etter konkursen i Kvia entreprenør, som hadde betongarbeidet. Kontrakten hadde ei rame på 33 millionar kroner.

Bubestyrar, advokat Fredrik Undheim, opplyser til Øyposten at buet ikkje kjem til å stå føre vidare drift på Finnøy, eller tre inn i kontrakten. Dermed blir det opp til Stavanger kommune som byggherre å finna ei løysing for å få byggearbeidet i gang igjen.

-Kva skjer med utstyret på byggplassen?

-Maskinar og utstyr som er nytta til bygginga er i all hovedsak eigd av eit anna selskap i konsernet, og ikkje omfatta av konkursen. Kva som skal skje med dette ligg utanfor buet sitt mandat, svarar Undheim.

Ifølge bubestyrar er det mange som har krav i buet, men nøyaktig kor mange har han ikkje oversikt over ennå sidan fristen til å melda krav er 14. november.

Direktør Leidulf Skjørestad opplyser i ein sms til Øyposten at «vi utreder ulike alternativer, men vil avvente å si noe om vegen videre før dette er formelt avklart med bobestyrer».