Santiago er ny leiar i ungdomsklubben på Finnøy
Santiago David Arellano er ny ungdomsleiar i Finnøy. Han brenn for ungdomsarbeid og har mange tankar om klubben på Finnøy.
- Oddbjørg Måland
FINNØY: Arellano er svært internasjonal og godt utdanna, og han har lang erfaring med ungdoms -og kulturarbeid. Sist som distriktsansvarleg for ungdomsklubbane «Feel good» i Sola. Nå gler han seg til å møta ungdommane i Finnøy.
Unge og ansvarlege
– Eg tykkjer det er svært givande å jobba med ungdommar. Det er kjekt å vera med å skapa eit trygt og kreativt ungdomsmiljø gjennom kjekke oppgåver og utfordringar. Det er mange dyktige og ansvarlege ungdommar der ute som kan gjera ein strålande jobb i klubben som skal drivast av og for ungdommar.
Ved å ta ansvar og eigarskap til klubben, utviklast evner og talent, og ikkje minst den gode meistringskjensla. Men det aller viktigaste målet er likevel at alle skal føla seg litt betre når dei går ut døra frå ungdomsklubben enn då dei gjekk inn. Det er eit godt mål å strekka seg etter, smiler Santiago.
– Er det noko spesielt du vil prioritera på Finnøy?
– Eg har mange tankar om ungdomsklubben på Finnøy, og mykje eg har lyst å gjera. Ein av tinga er å motivera ungdommen til å bygga eit berekraftig fellesskap ved å vera med å bestemma aktivetar og utarbeiding av reglar og verdiar.
Alle ungdommar har fine, ubrukte ressursar i kraft av seg sjølve som me skal nytta aktivt til å laga ein super ungdomsklubb på Finnøy.
Eg skulle gjene likt å sjå at dei som går på ungdomsklubben i dag, er morgondagens leiarar, anten i ungdomsklubben eller i anna arbeid med ungdommar. Så ser eg føre meg eit samarbeid mellom ungdomsklubben og kulturskulen eller skulane. Det er utruleg mange moglegheiter, seier den nye ungdomsleiaren.
Utfordringa til ungdomskubben har heile tida vore at dei ikkje har hatt eit eigna lokale. Nå er dei på aktivt jakt etter ein permanent stad, gjerne eit hus kor dei kan ha alle tinga sine utan å måtte rigga utstyr opp og ned kvar gong.
Treng eigna lokale
– Eit hus i sentrum av Judaberg ville vore perfekt, spesielt med tanke på dei som kjem frå øyane. Me håpar å finna ein passande stad. Jo fortare det skjer, dess fortare kjem me i gang og kan byrja den viktige jobben det er å driva ein ungdomsklubb, seier Santiago David Arellano, som har kjøpt seg hus på Reilstad.
Fyrste klubbdag etter sommarferien er 25. oktober. Det blir klubbkveld kvar tysdag i Kulturstova framover, til eit nytt lokale er på plass.
Mona Roth har vore leiar i ungdomsklubben sidan oppstarten for nøyaktig eitt år sidan.
– Eg er glad på vegne av ungdommen på Finnøy som nå får ein dyktig leiar, dei fortener eit godt tilbud. På litt sikt planlegg me å jobba saman, det trur eg kan bli fruktbart, seier Roth, som har tilsvarande jobb i Rennesøy.