Andreas Tessem er butikksjef på Coop Extra i Østhusvik, og har søkt om lov til å selje alkohol når butikken er sjølvbetent. Foto: Sigbjørn Høidalen

Saka blei tatt opp i formannskapet, og to parti hadde eigne forslag som gjekk i mot kommunedirektør Per Kristian Vareide si innstilling. Han anbefalte at ølsal skal berre skal vere lov når butikken er bemanna. Framstegspartiet enda med å trekke sitt forslag for å røyste på to punkt i SP sitt forslag.

I går skreiv Øyposten at Framstegspartiet, med Kristoffer Sivertsen i spissen foreslår at kommunen skal seie ja til søknaden om at dei skulle få selje alkohol utover ordinær opningstid ved å nytte sjølvbetente løysingar.

Senterpartiet er einige, men la likevel inn sitt eige forslag som går meir i djupna på kva butikkar som skal få lov til å selje sjølvbetent alkohol.

Som Sivertsen meiner Senterpartiet at dette er eit viktig grep for å auke distriktsbutikkane si evne til å overleve.

Sp sitt forslag

– Det er synd viss ein ligg med båt nær Østhusvik og skal handle, men vel å ta båten til ein større butikk fordi ein uansett ikkje får kjøpt alkohol i den sjølvbetente butikken, meiner Birger Hetland, formannskapsrepresentant frå Senterpartiet:

– Men me ønskjer å leggje føringar som seier at dette skal gjelde butikkane som kjem innanfor Merkurordninga. Dette er butikkar som ligg mindre sentralt, og som allereie har problem med å få endane til å møtast økonomisk på grunn av at dei ligg utanfor allfarveg.

Han legg til:

– Butikken er viktig for å oppretthalde busetnad i dei nordlegaste bydelane, for her er det ikkje berre å hive seg på første buss til butikken. Dei minste butikkane har ikkje økonomi til å ha tilsette på jobb til langt på kvelden, men me vil ikkje ha frislepp av alkoholsal i ubetente butikkar i kommunen. Me er redd dette vil føre til at butikkane vil ønskje å klare seg med færre tilsette, og det er ikkje eit mål. Butikkane er viktige arbeidsplassar.

Senterpartiet fekk fleirtal for sitt forslag med stemmene frå H, Frp, Ap, V, Sp, og MDG. Frp stemte rett nok ikkje for punkt 1, som inneber krav om at butikken må vere i Merkurordninga.

Dette sendast til lovlegheitskontroll for å undersøke om dette er mogleg å avgrense til å gjelde berre butikkar som inngår i ordninga.

Gode løysingar

Coop meiner at dei tekniske løysingane er gode nok og har utarbeida ei detaljert oversikt over kontrollfunksjonane. Ved uttak av alkoholhaldig drikke frå låst skap nyttast Coop Key på mobilen. Her må ein stadfeste identitet med bank-id og biometri:

«Når QR koden skannes trigger dette ein alarm på vaktsentralen hos selskapet Skan- Kontroll. Betjeningen her går så inn via overvåkingskamera og sjekker kunden med tanke på alder, bevegelsesmønster, om det er flere som handler sammen og lignande. Er det tvil om kunden er gammel nok, er påvirket eller om det er forsøk på langing – vil vekter på Skan-Kontroll vaktsentral ta kontakt med kunden over callinganlegg for å høyre tale, sjekke bilde på legitimasjon osv. Først når Coop Key/Bank ID verifisering og kontroll av Skan-Kontroll er utført, og alt anses som ok – trigger SkanKontroll en impuls via kamerasystemet som låser opp døra til øl-skapet og kunden kan plukke de varene hen ønsker å kjøpe», heiter det i beskrivelsen frå Coop.