Laurdag litt over klokka 15 hamna ei bil i grøfta langs Lauvsnesvegen i bakken opp mot Finnøy skule.

Ein bil stoppa i nedoverbakken. For ikkje å krasje på det glatte underlaget, valde bilen bak å styre ut i sida mot eit hagegjerde.

Det skal halde fram å regne gjennom kvelden og natta. For alle som skal ut og køyre i øyane der det ikkje er salta, er det grunn til å åtvare om farleg glatte vegar.

Oppdatering søndag morgon: I løpet av natta har det vore så mildt og kome så pass mykje regn at bakken opp mot Finnøy skule på det næraste er bar, så faren synest å vere over der i alle fall.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no