Arbeidslaget Øyfast oppretta, målet er betre tilbod for alle
Arbeidslaget Øyfast er oppretta, leiar blir Edvin Halsne frå Halsnøy med Arnt Ove Rødne frå Sjernarøy som nestleiar.
FINNØY: Etter at grendalaga på Fogn, Halsnøy, Ombo, Sjernarøyane og Bokn, Byre og Måløy overtok arbeidet med å driva Øyfast vidare, er det blitt ein ny giv for prosjektet.
Denne veka blei «Arbeidslaget Øyfast» oppretta, med eit arbeidsutval som skal jobba fram saker til møta i laget. Arbeidslaget skal etter planen ha jamnlege møter ein gong i månaden.
– Dert viktigaste nå er å jobba mot ei løysing som vil gagna alle øyane som Øyfast omfattar, slik at dei får eit betre tilbod enn i dag, seier Edvin Halsne til Øyposten.
Han legg også til at det blir viktig å leggja fram ein realistisk plan for Øyfast, med løysingar og ei kostnadsrame som skapar positivt engasjement både hos kommunen og fylkespolitikarane.
-Me har fleire aktuelle løysingar, men me må ha handfaste tal bak oss før me kan gå ut med noko, seier Edvin Halsne.
Eit viktig mål mer også å få Stavanger med på laget, for at kommunen kan jobba inn mot fylket for å realisera prosjektet. Mellom anna er planen å møta alle dei politiske gruppeleiarane i kommunen.
Sissel Marie Bjerga frå Halsnøy blir sekretær for arbeidslaget, mens Kjell Nes frå Ombo skal representera den gamle Øyfast-gruppa inn i Arbeidslaget Øyfast.