Saka gjeld det såkalla MC-bygget i Vikevåg, som Stavanger kommune eig og leiger ut til kommunal verksemd. I tillegg har bygget offentleg toalett, dusj og vaskemaskin for båtfolk.

Rett før jul var kystlaget og historielaget i Rennesøy kommunedelsutval og orienterte om at dei ønskjer seg inn i dette lokalet. Bygget var opphavleg knytt til kystfart og handel.

Eigna for kystlaget

– Dei som er der i dag driv med styrketrening og gaming, sa utvalsleiar Tor Bernhard Harestad då han tysdag løfta fram saka i Rennesøy kommunedelsutval:

– Eg trur alle ser at det er betre at Rennesøy kystlag og Rennesøy historielag kjem inn i det bygget. Kystlaget treng å koma nærare sjøen. Å driva med styrketrening og gaming kan dei gjera andre stader.

Leiar Tor Bernhard Harestad i Rennesøy kommunedelsutval fekk resten av utvalet med seg på å setja MC-bygget på sakskartet. Foto: Sigbjørn Høidalen

Han har forhøyrt seg med Vikevåg innbyggartorg som kan fortelja at det er ledig plass der teknisk avdeling heldt til i det gamle kommunehuset:

– Me skal ikkje hiva dei på gata. Me har eit godt alternativ til dei.

Sak til bystyret

Harestad fekk heile utvalet med seg på å be kommunedirektøren greia ut om bruken av MC-bygget slik at det kjem ei sak til bystyret.

– Når eg tidlegare har prata med folk i kommunen om dette bygget, så seier dei at dei skal sjå på det, sa Harestad:

– Me kjem ikkje vidare viss me bare skal sjå på det. Nå sett me saka på sakskartet.

Her er heile ordlyden i vedtaket:

«Rennesøy kommunedelsutvalg tar initiativ til at kommunedirektøren utreder bruk av MC-huset. Initiativet settes opp som en sak til bystyret.»