Ønskjer rettferd for Cecilie og brødrene
Cecilie Victoria Lode og dei sju søskena hennar vaks opp i det som i retten blei omtala som «eit redselskabinett for barn».
Saka har vært grundig omtalt i Aftenbladet.
I Sandnes tingrett blei fire av barna i familien tilkjend millionerstatning for at ikkje barnevernet greip inn då dei visste om forholda i familien. Sandnes kommune valgte å anke dommen, og det er det som er grunnlaget for protesten.
Dei andre søskna var ikkje med på dette søksmålet.
Ole Ronny Koldal i Raudt Sandnes er ein av initiativtakerane til støttedemonstrasjonen.
– Eg meiner at kommunen har eit ansvar overfor desse søskena. Dette er eit ansvar som posisjonspartia i Sandnes kommune ikkje tek, og det vil me i Raudt pushe på for at dei skal ta. Anken bør stoppast for å gje desse søskena oppreisinga retten meinte at dei er berettiga.
To av søskena kom til fosterheimar i Finnøy kommunedel, og dei har tilbragt mange år av liva sine her.
Aftenbladet har seinare informert om at eit femte søsken mottok erstatning etter ein hemmeleg avtale med kommunen, noko som forsterkar kjensla av urettferd i denne saka der dei fire andre fekk nei.
Koldal vonar at mange vil møte opp på demonstrasjonen for å vise si støtte til søskenflokken.
Demonstrasjonen vil finne stad fredag frå 18–19 på Ruten i Sandnes.