Ole Ueland (h) kjem på sitt første møte til Finnøy, etter at han fekk ny posisjon i fylket.

FINNØY: Ole Ueland kjem saman med Rune Askeland (mdg) til møtet 24. mars. Askeland er leiar utvalet for miljø og utbygging i byen, og dermed blir det med andre ord to nøkkelpersonar som har med mange saker som angår saker i Finnøy å gjera som stiller opp.,

Temaet er «trafikksikkerhet», og dermed bør det vera duka for at den mykje omtalte gang- og sykkelvegen står på programmet. Det er ekstra aktuelt nå, i forbindelse med forslaget om at bygging av gang- og sykkelveg kan kombinerast med den nye kraftforsyninga over øyane. Men det er vel heller ingen ting i vegen for spørsmål om framdrifta for Øyfast til å stå, som akkurat nå ikkje har særleg framdrift.

Dette er truleg det største trekkplasteret på programmet til innbyggartorget denne våren. Men det blir også anledning til å prøva ut det nye serveringstilbudet som åpna der første mars. 12. mars blir det Bondekafe med biogass på programmet, og 27. april kjem nyvalgt midlertidig varaordførar og sjef for Ap si kommunestyregruppe, Dag Mossige for å snakka om eldreomsorg i kommunen. 12. mai blir teamet skule, med leiar for utval for oppvekst og utdanning, Eirik Faret Sakariassen (sv) til stades. Elles blir det klesbyttedag, skravlelunjs, tysdagstreff med ein politikar og anna kjekt.

Biulettekst:

Ole Ueland (h) kjem på sitt første møte til Finnøy,m etter at han fekk ny posisjon i fylket.