Nå kan det bli fleire skreddarsydde studium i Ryfylke

Fredag i sist veke blei det inngått ein samarbeidsavtale mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Ryfylke IKS om å etablera fleire skreddarsydde studiar og ordinære studietilbod i Ryfylke.

Leiar i Ryfylke IKS Øyvind Lundbakk t,v og prorektor ved Høgskulen på Vestlandet , Geir Kåre Resaland har lagt til rette for meir høgare utdanning i Ryfylke. Foto: Privat
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RYFYLKE:

- Føremålet med samarbeidsavtalen er å styrka kompetansen i Ryfylke. I tillegg vil dei auka tilgangen på fleksible studium på høgskulenivå lagt til ryfylkeregionen, opplyser dagleg leiar i Ryfylke IKS, Øyvind Lundbakk.,-

Kva for studium er det snakk om?

- Det er ikkje bestemt ennå, men det blir i næringar der behovet er størst, og som lokalt næringslivet etterspør. Det er betydeleg vekst i fleire bransjar, blant anna i landbruk og havbruk. Her treng ein både meir folk og kompetanse. Men me ser og eit stort behov for lærarar, vernepleiarar og ingeniørar. Som mange nok har fått med seg, startar me opp sjukepleiarutdanning i Ryflke allereie til hausten, seier Lundbakk.

Utvidar studium

I tillegg til sjukepleiarutdanning er det oppretta studiar i kommunikasjon og marknadsføring samt havbruk. Per i dag er dei to sistnemnte eittårige og gir 60 poeng. Havbruk er bestemt skal oppgradertast til ein treårig bachelorgrad.

Rådsordførar i Ryfylkerådet, Asbjørn Birkeland, meiner det er viktig at ryfylkingen kan vera student, bu heime og vera i vanleg aktivt arbeid.

- På denne måten kan langt fleire formalisera og auka kompetansen sin innan faget dei arbeider med. Tilleggseffekten for Ryfylke er at innan til dømes havbruk får me ei kunnskapsdeling mellom personar som arbeider i ulike selskap innan næringa. Det er viktig for å tenkja nytt og annleis og dermed bidra til utvikling og innovasjon. Når personar som kanskje arbeider aleine om ei oppgåve i ei bedrift treffer kollegaer frå andre bedrifter i Ryfylke, er det med på å utvikle fagmiljøet i ei næring som er svært viktig for regionen, seier Birkeland i ei pressemelding

I heile Ryfylke

Det er Høgskulen på Vestlandet står som fagleg ansvarleg forstudia, medan Ryfylke IKS har ein lokal kunnskap som er viktig når tilbod skal formast og gjennomførast.

Lundbakk peikar på at Ryfylke IKS vil halda god kontakt med dei vidaregåande skulane om utforming og gjennomføring av tilbod. Han legg vekt på at undervisinga vil skje på ulike lokasjonar i regionen avhengig av kva for tilbod det er snakk om.

Publisert: