Ti sjukeheimar får musikalsk besøk i helga.

STAVANGER:

Laurdag denne veka får Finnøy helse- og omsorgssenter og Rennesøy helse- og omsorgssenter besøk frå Stavanger Symfoniorkester, som ein del av «gjenoppdagelsesfesten» 19.-21. november.,

Det skriver Stavanger kommune på sine nettsider.

Musikk og dans - for alle

,Kulturbyen Stavanger byr på nær 100 arrangement denne helga. Kommunen, Stavanger Sentrum AS og Sølvberget arrangerer i tillegg dansefest for barneskuleelevane, musikk frå artister som

Isah

og

Kapteinen

 samt ein internasjonal familiefest.

Føremålet er å feire gjenopninga, med ein «gjenoppdagelsesfest».

Stavanger Symfoniorkester (SSO) ser fram til å bidra på gjenoppdagelsesfesten.

– Bebuarar på sjukeheim har i stor grad vore avskåret frå kontakt med omverda gjennom pandemien. Dette er dessuten ei publikumsgruppe som ikkje kan ta del i gjenoppdagelsesfesten og i ordinært kulturliv. Me prioriterer derfor å oppsøkja dei og spela små konsertar der dei er, seier kommunikasjonssjef i SSO, Cecilie Christ, skriv kommunen.

– Viktig arena

Stavanger Brass Band som er 40 år denne sesongen, skal også besøke nokre sjukeheimar, opplyser kommunen.

Bandet har gjort seg bemerka på mange arenaer i inn- og utland i fire tiår. Dei har vunne norgesmesterskapet i brassband ti gonger, sist i februar 2020.

– Dette er ein viktig arena også for oss i Stavanger Brass Band. Dei som kanskje ikkje kjem seg til dei tradisjonelle konsertarenaene fortener verkeleg å få god musikk servert i anledning gjenopninga av landet. At me kan bidra med dette saman med våre vener i Stavanger Symfoniorkester og Stavanger kommune er fantastisk, og me gler oss veldig til desse konsertane, seier styreleiar i Stavanger Brass Band, Anders Rydberg, til kommunen.