Terje Øvrebø, leiar i Rennesøy kommunedelsutval, gratulerer både Kari og Dagny.|Frivilligleiar i Rennesøy, Bjørg Vestbø, håper at 2022 kan bli eit «normalt» år, spesielt med tanke på frivilligheiten.

RENNESØY: - Som tidlegare samferdselspolitikar har eg lenge meint at det burde vore buss frå Finnøy til byen, seier Jan Mikal Hanasand til Øyposten.,

-Det vil gi større muligheter for skulelevar og pendlarar frå Finnøy, det er ikkje alle som vil eller skal til Strand eller Stavanger sentrum. Dessutan vil det styrkja internforbindelsen mellom Finnøy og Rennesøy, seier Hanasand.

-Dette har eg meint lenge bør koma, seier Jan Mikal Hanasand. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Kva er fordelane?

-Det vil kunna samla dei to kommunedelane meir. Til dømes kan det bli enklare å vera med på kulturaktivitetar begge plasser, det er ikkje alltid det passar å ta med bilen. Viss rennesøybuar vil på Tomatfestivalen til dømes, kan det vera fint å ta bussen.

Men det er Finnøy sjølv som må prioritera dette, for det er ikkje alltid det går an å få både i pose og sekk. Men viss fylkeskommunen har så mykje pengar at den har råd til både buss og hurtigbåt, så er det bra, men spørsmålet er om me kan rekna med det i framtida, påpeikar Hanasand.

Leiar i kommunedelsutvalet, Terje Øvrebø, er svært positiv til dei nye planane.

-Det synes eg er eit kjempeforslag, men eg håpar buss frå Finnøy vil koma i tillegg til det busstilbudet me alt har og dermed styrka kollektivtilbudet også for Rennesøy sin del. Mine eigne ungar har ein god del kontakt med finnøyungdommar, og eit busstilbud vil kunna gjera kontakten mellom øyane lettare.

-Kan det på sikt bli ein kommunedel av dette?

-Det er vel å dra det litt langt, men at det kan bidra til å samla øyane er å håpa på, seier Øvrebø, som likevel peikar på at det kan vera eit minus viss folk frå øyane utanom Finnøy misser dagens hurtigbåttilbud til byen.

-Det kan gi lengre reisetid, og eg har forståelse for at det kan opplevast negativt. Men dette er noko eg kjenner litt for lite til, presiserer Øvrebø.

Bjørg Vestbø synes buss frå Finnøy høyres ut som ein lur ide.

Bjørg Vestbø som er leiar for frivillighetssentralen i Rennesøy reagerer også positivt.

-Det er kjempelurt, me har lurt lenge på kvifor det ikkje er buss mellom Finnøy og Rennesøy. Me vil også på ungdomsklubb på Rennesøy, høyrde eg nyleg referert frå Finnøy-ungdommar. Nå kan det bli ungdomsklubb på Finnøy også, men uansett kan dei to øyane samsnakkast når det gjeld arrangement. Ein buss vil gjera at mykje blir enklare, trur Vestbø, som meiner det er avlegs at kollektivtilbudet mellom Finnøy og Rennesøy i dag må gå via Stavanger.