OMBO-FINNØY:

At det alltid har vore store variasjonar i værforholda intern i gamle Finnøy kommune, særleg om vinteren, har lenge vore ei kjent sak. Men at gradstokken skal krypa ned mot heile 20 minusgrader, høyer likevel til det svært skjeldne. Det var likevel det som møtte ekteparet Marit og Tor Bjørn Sinnes, då dei i dag tidleg kraup ut av senga, og noko av det første dei gjorde tok ein kikk på gradestaokken.,

-Me har nok registrert kaldare netter og morgonar også enn akkuart dette. For under ein sterk kuldeperiodar for nokre år sidan, var det heile 26 minus, fortel Tor Bjørn. -Nå er eg mest oppteken av å sjå til at vatnet ikkje frys i huset etter svigermor. For slike ting er viktig å passa på når det nå er så kaldt og mykje frost i bakken, undertrekar han.

-Men kvifor blir det alltid så veldig kaldt og skikkeleg vinter akkurat her på Vasshus?

-Eg trur nok det kan ha med det faktum å gjera at akkurat her i Vasshusdalen, med det store vatnet like nednafor huset vårt, så blir det eit ekstra kuldedrag i tider som dette?

-Så korkje ombobuen eller andre øybuar treng å dra på fjellet i indre Ryfylke i helga for å oppleva vinteren?

-Nei, på ingen måte. Her på Vasshus er det både islagte vann og godt skiføre. I helga målte med isen til 18 cm, og snødjupna har også passert vel 20 cm.Så det er greit skiføre. Og i tillegg er du nærmast garantert å få sjå hjort på nært hald. For også den er blitt svært nærgåande i jakta si på mat i desse dagar. Då blir særleg dei mange siloballane svært attarktive, avsluttar Sinnes som også er leiar i det lokale jaktlaget på øya.