Jostein Eiane vil ha reint og klart vatn både i sentrum og øyane i kommunen. Foto: Rune Nedrebø

Dette er fyrst og fremst avgrensa saker som betyr mest for dei det gjeld, men det lyfter også spørsmål om kva slags kommune Stavanger vil vere og kva som er fellesskapsansvar. Formannskapet diskuterte område som ikkje har kommunalt vatn sist veke i saka «Vannforsyning Finnøy».,Få tenkjer mykje på om ein har vatn i springen av god kvalitet. Det er noko som berre er slik og som kommunen alltid har tatt ansvar for. Grunnen er at kommune og grunneigarar har bygd ut eit godt og sikkert nett og at kommunen har tatt ansvar for å drifte dette mot ei avgift. Samla sett går dette i null for kommunen. Driftsinntektene er like store som driftsutgiftene. Gjer ein utbetringar av eksisterande nett eller bygger ut til nye område går avgifta opp.,Stavanger har eit nær ferdig utbygd nett til forsyning av vatn, sjølv om kvaliteten og alderen på røyra varierer. Det betyr at alle som vil knytte seg til, får vatn. Dette er ikkje tilfelle i kommunedelen Rennesøy og langt frå tilfelle i nordre del av Finnøy. Kommunestyret i Finnøy vedtok, og hadde i sitt budsjett, ein plan for forsyning av vatn til område som ikkje har det i dag. Kommunedelsutvalet i Rennesøy ynskte ei sak om Dale i sist møte. Dette resulterte i ei kort utgreiing som vart hekta på saka frå Finnøy. Utfallet i begge sakene gav stor grunn til uro.,Fyrst Finnøy,Kommunestyret i Finnøy hadde ein lang og grundig diskusjon knytt til balansen mellom å satse på vidareutvikling av eksisterande nett i sør, og styrking av nordre del av kommunen, samt tilby kommunal hovudforsyning av vatn til nye områder. Til slutt var innstillinga frå fagfolk og kommunestyret i Finnøy samstemt om ein plan. Denne vart følgt opp av H, V og KrF i formannskapet i Stavanger sist veke. Planen vart likevel gjort om på av fleirtalet, inkludert Sp. Kommunedirektøren vurderer at å sørge for sikker forsyning av vatn og nok kapasitet i eksisterande nett bør gå føre etablering av nye tilkoplingsområder. Denne endringa av balansen Finnøy vedtok kan sjåast på som at dei som har fått vatn trekker opp stigen og konsentrerer seg om låg avgift for seg sjølve. Med dette utgangspunktet ville ikkje forsyning av vatn blitt bygd ut i nokon av kommunedelane på øyane.,

Så Rennesøy

Med hovudforsyning over Hundvåg og kortare avstandar står det mindre att her enn i Finnøy. For kort tid sidan vart det lagt vatn ut til Brimse med relativt få abonnentar. Bygdene Dale-Sel står likevel att. Rennesøy hadde mål om å levere kommunalt vatn til dei som ynskte å knytte seg til. Med dei store løfta som vart tatt vart avgifta høgare enn i Stavanger. Folk hugsa korleis det var å ikkje ha vatn, og sørgde for ein planmessig utbygging. Det var kontakt med sikte på ei offentleg -privat utbygging til Dale rett før kommunesamanslåinga, men saka kom ikkje til politisk behandling. Det viktige nå er at dette ikkje stoppar, då både løyve til å legge leidning og korleis det kan gjerast er på plass. Slik sett er dette saka som er komme lengst nå som næringslivet ber det offentlege sette i gang klare prosjekter.,Grunnen til at dette engasjerer folk veldig er at alternativet til kommunalt vatn er dårleg, i mange tilfelle også svært dyrt. For hytter er ofte alternativet til kommunalt vatn regnvatn eller brønn. Knytt til bustadar og næringsliv er det dei fleste stader berre borehol som gjev sikker og nok forsyning. På Ombo har også kommunen eigne borehol. Eit stort problem på øyane er at sjøvatn ikkje er langt vekke. Borehol som i starten var gode vert ofte saltare med tida. På Dale er geologien slik at sjøvatn fylgjer lagrekkene innover land og gjev salte drikkevatnkjelder.,Den nye kommunen skal samordne og setje felles mål for vatn og avløp i sentrum og på øyane. KrF sitt syn er at fellesskapet må vere ein del av løysinga slik at alle som vil får kople seg til kommunalt vatn.

Jostein Eiane, Stavanger KrF