MF FOLDØY:

Ti på halv ni om morgonen 31. desember, nyttårsafta, er det siste avgang i Finnøy-sambandet til Nedstrand. Kanskje kjem mannskapet til å ringja med skipsklokka som eit siste farvel.,

Den skarpe siluetten av Stølsnuten viser godt mot den mørkeblå desemberhimmelen. Nedsøkt under den tagga fjellrekkja blenkjer Nedstrands-idyllen kvitmåla i morgonsola.

Skipper Jarleiv Langvik frå Ombo på MF «Foldøy» trur mange kjem til å sakna Nedstrand når anløpa dit nå blir strokne frå tabellen i Finnøy-sambandet.

-Me misser eit gjennomfartsamband for øyane, og muligheten som me har i dag til å reisa til Nedstrand, det er nedsida. Plussen er sjølvsagt at det blir fleire avgangar mellom øyane i Finnøy, seier Langvik til Øyposten.

Ikkje fleire kjøttkaker

Han har pensjonert seg etter 50 år på ferjene mellom øyane, både i Finnøy og Rennesøy, og var med heilt frå starten av den gong det heitte «Midtsambandet» og ferja gjekk heilt frå byen. Nå er han «ringevikar» om bord, medan den faste skipperen har oppsynet med dei nye ferjene som er under bygging i Tyrkia, og som skal vera klare for trafikk til sommaren.

-Eg kan hugsa bare ein gong at me måtte innstilla på grunn av været, då var det eit overhendig vær med storm frå sørvest, seier Langvik.

Billettør Ilja Vasiljev har vore 12 år på ferja, og synes det er synd at det blir slutt på nedstrandsturen. Nå blir det ikkje fleire turar til Amandasenteret i Haugesund på øybuane for å eta kjøttkaker, meiner han.

-Det var faktisk ei dame som ringde og ville bestilla tur neste sommar frå Finnøy til Jelsa og tilbake, og ta det som ein flott tur. Men eg måtte skuffa henne og seia at me ikkje kom til å gå der då, seier han.

I følge Langvik er det ganske god trafikk med ferja sørover frå Nedstrand. Spesielt av vogntog på veg til slakteriet på Helgøy. Om sommaren er det også ein god del privatbilar, seier han.

Det blir MF «Foldøy» som får æra av å ta siste turen nyttårsafta.

Klokke-klang

-Kjem de til å blåsa i fløyta?

-Me markerte siste avgang frå Nesheim i si tid, men med skipsklokka.

Kanskje me gjer det nå og, seier Vasiljev, som skal vera på jobb på den turen.

På Nedstrand bur dei seg så godt dei kan på at det blir nye tider frå nyttår av.

Handelsmann Arve Nesheim-Hauge og kona Marianne har lenge kjempa mot at Finnøy-sambandet skulle slutta og gå til Nedstrand. Dei meiner også at det nye opplegget som er lagt frå nyttår, er heilt utilfredstillande.

-Det blir ei ferje sørover om morgonen, det er for tidleg. Me burde hatt ei midt på dagen og ei om kvelden. Dessutan blir det bare anløp ved bestilling, det gjer det meir komplisert å reisa, seier Arve Nesheim-Hauge til Øyposten, Dette er noko som engasjerer ekteparet i butikken på Nedstrand sterkt, og dei meiner tilbudet Nedstrand nå får både er «katastrofe» og vil skapa «kaos» med tanke på sommaren og turismen. Etter deira meining burde ferjene i Finnøy-sambandet tatt ein tur nordover til Nedstrand, midt på dagen.

- Eg fryktar det ligg ein svarteper i dette for øyane i Finnøy. Dei får hyppige avgangar, men viss det bare blir nokre få bilar på kvar avgang, og sambandet ikkje lenger har gjennomgangstrafikk, vil det bli lettare å kutta, trur han.

-Vil Nedstrand bli ein blindtarm nå?

-Ikkje heilt, men i større grad enn i dag. Men me håpar fortsatt fylkespolitikarane vil innsjå at dette blir feil, det er lov å snu, seier Arve Nesheim-Hauge.