Aslak Bråtveit (t.v.), Oddbjørg Drarvik, Asbjørn Sivertsen og Per Ivar Thorstad var med og song jula inn i Hesby kyrkje. (Foto: Geir Landa).

FINNØY:  På grunn av koronaen og begrensning i kor mange som kunne vera med, blei arrangementet halde i to omgangar med 50 publikummarar kvar gong.,

Trass i at det ikkje var lov å syngja for dei som kom, er Olav Reilstad i soknerådet godt nørgd med arrangementa.

-Dette er noko eg hugsar frå min ungdom, så dette har tradisjon på Finnøy. Arrangementet laurdag blei ei fin markering med dyktige artistar, seier Reilstad, som spesielt framhevar dei aller minste.

-Det er ikkje noko som høyrer jula meir til enn song frå barnestemmer, meiner han.

Både nåverande og tidlegare elevar frå musikkskulen på Finnøy var med, pluss Asbjørn Sivertsen, song, Unni Vignes, piano, Kartein Dalaker, trommer, Per Ivar Thorstad, gitar, Bjørn Terje Bertelsen, orgel, Aslak Bråtveit, bass og Oddbjørg Drarvik, song.