Journalist Oddbjørg M. Måland, redaktør Rune Nedrebø og dagleg leiar Kristian Spanne (t.h.) kan gleda seg over fin framgang for Øyposten.

Av Oddbjørg M. Måland,

FINNØY:

Bare Stavanger Aftenblad og Sandnesposten kan notera seg for større framgang i talet på abonnentar i Rogaland, men prosentvis har likevel Øyposten den desidert største framgangen i fylket, viser dei ferske opplagstala frå Landslaget for lokalaviser (LLA).,

Øyposten har nå eit samla opplag på 1539 aviser, som er ein framgang på 223 aviser, eller nesten 17 prosent. Til samanlikning hadde Aftenbladet ein framgang på 728 aviser, eller vel ein prosent mens Sandnesposten gjekk fram med 491 aviser, som tilsvarer sju prosent auke i forhold til andre halvår i fjor.

-Dette er ei gledeleg utvikling for avisa vår, som kjem av hardt og målretta arbeid for å laga ei best mulig avis, seier redaktør Rune Nedrebø i ein kommentar til oppalgsauken.

Øyposten rundar øyeblikk 50 år, ein milepæl som vil bli markert i avisa.

-Opplagstala viser at avisa er inne på rett kurs, og me vil halda fram med å sy avisa framover over same leist med store og små nyheter som engasjerer folk i Finnøy og Rennesøy. Me er ein liten stab, men entusiasmen og ståpåviljen for å laga ei god avis er stor, seier Nedrebø.

Oversikten frå LLA viser at auken er størst i digitale abonnentar, men også abonnementstala for papiravisa viser ein god framgang.

Karmøynytt er den einaste i Rogaland som kjem opp mot opplagsauken i Øyposten, med ein framgang på 15,5 prosent. Karmøynytt er ei rein nettavis med eit notert opplag på vel 1400.