FINNØY/RENNESØY

:Kravet frå landbruksorganisasjonane har ei total rame på 2114 millionar kroner.Det skal gi ein inntekstvekst på 48 000 kroner per årsverk i landbruket. Det er også grunn til å merka seg at dei to bondeorganisasjonane krev ein reduksjon i det såkalla kvotetaket for melk frå i dag makismalt 900 tonn melk per bruk, ned til 600 tonn.,I kravet ligg det inne ein auke i målprisen for dei fleste produkjonar, der ein mellom anna krev  auke i målprisen på melk med åtte øre per liter og 1,60 kroner for grisekjøt. Målprisen på grønsaker og frukt bør få ein auke på sju prosent, meiner bondeorganisasjonane.,

-Behov for endring

Både bondelagsleiar Erik Haraldseid Bleie i Finnøy og Guttorm Gudmestad på Rennesøy støttar kravet om at det er på høg tid med ei endring i kvotesystemet. Det er begge to mjølkeprodusentar, og i tilleg er Gudemestad også ein stor sauebonde.

-Me må berre erkjenna at prisane på både kjøp og leige av av mjølkekvotar er for høg, og verkar kostnadsdrivande for produsentane. Det same gjer dei veldig høge prisane på leigejord, som det også er svært mylkje av i vår region, seier Gudmestad. -Difor støttar me i det lokale bondelaget kravet om at det blir ei endring her, som kjem dei aktive melkeprodusentane til gode.,-Me i Finnøy Bondelag meldte ikkje inn dette som eit spesifikt krav, men me støttar målsetjinga om å få til ei endring her, bekreftar leiar Erik Haraldseid Bleie.

I 2021 er heile 356 millionar lite mjølk leigd ut.

,I rapporten "

Produksjon på flere kvoter"

frå 2018 frå ei partsamnsett arbeidgruppe, fann ein ut at 1/3 av den bortdisponerte mjølkekvota høyrer til tidlegare bønder som ikkje er aktive og heller ikkje søkjer om produksjonstilskot i dag. Den delen av kvoten som vert produsert på leigd kvote hjå bøndene i dag har auka med heile 50% dei siste fem åra. Organisasjonane i jordbruket meiner difor at det er behov for å setja i verk tiltak for å stoppa ei slik utvikling. Kravet er at ein produsent som har avvikla melkeproduksjonen maskimalt kan leiga ut mjølkekvoten i 10 år, før han igjen pliktar til å starte opp produksjonen eller selge melkekvoten.,Ein vanleg pris for ein bonde som vil leiga mjølkekvote i dag ligg på 1,40 kroner per liter. Dersom bonden vil kjøpa sg ein mjølkekvote på Jæren og Ryfylke i dag for å utvida produksjonen, må han betala frå 16-18 kroner per liter.,