Terje Øvrebø driv tomatgartneri på Rennesøy, og merkar dei stive gassprisane. Det har fått han til å vurdera å satsa på biogass.|Staten gir både investerings- og driftstøtte til biogassanlegg. Det har fått Terje Øvrebø til å vurdera denne løysinga på garden.

RENNESØY: Øvrebø driv gartneri på to mål med tomater i Vikevåg. Svindyr gass i vinter har fått han til å leita etter nye utvegar for å varma opp drivhuset, og nå vurderer han å satsa på ei småskala biogass-anlegg på garden.,

-Reknestykket ser foreløpig  lovande ut, men det er fortsatt nokre usikkerhetsfaktorar som må avklarast. I første rekke gjeld det kva erstatning eg får for å ha avvikla minkproduksjonen på garden, seier Øvrebø til Øyposten.

Staten gir både investerings- og driftstøtte til biogassanlegg. Det har fått Terje Øvrebø til å vurdera denne løysinga på garden.

Blir anlegget ein realitet, vil det bli det første i sitt slag i øyane. Det er firmaet BRI Landbruksbygg, med Randaberg-gründer Bjørn Rygg i spissen som forhandlar mindre biogassanlegg for gardsbruk med mange dyr og stort energibehov.

Og det kan vera midt i blinken for planane til Terje Øvrebø.

Gass frå gris og ku

-Det trengs 7-8 tusen kubikk med gjødsel for å utnytta kapasiteten fullt ut. Eg trur ikkje det blir problem å skaffa gjødsel nok, men det er ein fordel å ha gjødsla i nærleiken. Viss eg byggjer ut til konsesjonsgrensa for gris,2100 slaktegris i året,  og brukar gjødsla frå mjølkeproduksjonen, som eg har samdrift på, dekkar eg mesteparten av kapasiteten, seier Rennesøy-bonden.

Fullt utbygd, med biogass-anlegg, varmepumpe og CO2 fangst, er det snakk om ei investering på 15 millionar kroner.

-Men staten gir 45 prosent investeringsstøtte, pluss ei betydeleg årleg støtte til drifta. Det er det som gjer reknestykket forsvarleg, seier Øvrebø.

Planen er å bruka gassen direkte til oppvarming av drivhuset, eller produsera straum av han som igjen kan brukast i produksjonen på garden.

Ventar på pelsdyr-oppgjer

-Det vil vera nok til å varma opp drivhusa, og gjera det mulig å dyrka tomatar i ein lenger sesong, legg han til.

Nå vil han rekna nøyare på lønsomheten i prosjektet. Dessutan ventar han i spenning på kva erstatning staten vil tilby pelsdyrnæringa. Det er to år sidan Terje Øvrebø slutta med mink på garden, men fortsatt har han ikkje fått oppgjeret han og resten av næringa blei lova.

-Nå reknar eg med at det kjem ei avgjerd snart, seier han.

Terje Øvrebø trur bøndene i framtida vil produsera sin eigen straum, og at planane hans difor er framtidsretta. Det høyrer også med i reknestykket at staten av miljøhensyn vurderer strengare krav til kor mange dyr det kan vera på eit gardsbruk.

-Dessutan ville det vore kjekt å kunna levera frå seg ein gard til neste generasjon som har eit trygt fundament å stå på, og ikkje framstår som ei ribba gås, seier Øvrebø.