Mange møtte tidleg for å besøka vaksinebussen

Det var samla seg kø allereie før vaksinebussen var open for «business», onsdag denne veka.

Publisert: Publisert:
Atle Johan (f.v.) og Vibeke Landa, med Øyvind Amdal som neste i køen.|Det var godt oppmøte ved vaksinebussen på Judaberg for å få vaksine den 5. januar (Arkivfoto).

FINNØY:

Nær 20 personar var allereie på plass kort tid etter at vaksineringa var i gang på Judaberg onsdag morgon.,

– Me hadde oppstart klokka 9 her, og kvart på 9 var det allerede 10 personar i kø, fortel bussjåfør Ove Geir Bø.

Han trur det hjelper på at bussen står ganske sentralt på øya.

– Det er veldig greit å ha vaksinebussen her, det er ein grei plass å stå. Det er mange folk som er i dette området, seier Bø.

Godt oppmøte ved vaksinebussen på Judaberg for å få vaksine onsdag 5. januar. Vaksinebussen kjem tilbake torsdag 6. januar.

Grei måte å ta vaksina

Atle Johan og Vibeke Landa sto i kø for ei ny vaksinedose denne morgonen.

– Eg synest det er bra at me kan ta koronavaksina her, eg tok begge dei to første i fleirbrukshallen, seier Atle Johan Landa.

– Dette er vaksinedose nummer tre. Eg tok også dose to på Finnøy, men den første tok eg i byen, fortel Vibeke Landa.

Øyvind Amdal står som neste person i køen bak Landa, han synest det fungerer veldig bra at vaksinebussen «kjem til dei».

– Det er heilt topp å få ny dose på vaksinebussen. Eg fekk beskjed om dette på telefon og det synest eg fungerer ganske greitt, seier Øyvind Amdal.

Han fortel at han var litt usikker angåande vaksina i starten, men at han ser kvifor det er viktig å ta den.

– Slik ståa er i verda nå tar eg så klart vaksine, eg tar den både for meg sjølv og andre. Eg synest det er for gale at folk havner på sjukehus på grunn av dette viruset, seier han.

https://www.oyposten.no/2021/12/29/vaksinebussen-kjem-til-judaberg-og-vikevag-igjen/

Felles dugnad

Vibeke og Atle Johan Landa er heilt enige med kø-kompis Amdal.

– Dette er ein felles dugnad for fellesskapet, seier Atle.

Amdal synest det godt kunne vore vurdert om det skulle vore innført koronapass i området.

– Me skulle hatt koronapass her, slik at me som har vaksinert oss kan gå på restauranter og liknande. Då hadde det kanskje følt som ein «straff» for dei som ikkje har tatt det. Eg er for at det er valfritt om du vil ta vaksine, men kanskje dei må ta eit litt større ansvar, seier Amdal.

Vaksinebussen er på Judaberg til klokka 18 onsdag, og er også mulig å besøke torsdag 6. januar frå klokka 09.00 til 18.00.

Deretter kjem den til Vikevåg fredag 7. og lørdag 8. januar, same tidspunkt.

– Vil vaksinebussen koma tilbake til Finnøy og Rennesøy ved ei seinare anledning?

– Det har litt med behov å gjera, me utelukker det ikkje, men ein må sjå det an, opplyser Erik Bjerk, leiar for vaksineprosjektet i Stavanger kommune.