Oppvekstsenteret på Ombo.

Det er sett av 1,5 millionar kroner i årleg til opprustning av dei sju uteområda på skulane i Rennesøy og Finnøy fram til 2027.,

Men dette rekk ikkje, viser gjenommgangen, som  foreslår å aukla løyvinga med ein million kroner i året. I tillegg trengs det ein eigen tiltakspakke for at kunstgrasbanane i dei to kommunedelane skal oppfylla dagens miljøkrav med biofyll.

Ifølge rapporten tilfredstiller kun ein av kunstgrasbanane dagens krav. Dei andre har høg slitasje og utslepp til miljøet av mikroplast utan opplegg for oppsamling.

Rapporten er ein del av kommunen sitt Prosjekt Skolegård, som har som mål å auka trivselen og motverka uro og mobbing blant elevane.

Dei sju uteområpda ligg ved Finnøy sentralskule, Fogn oppvekstssenter, Mosterøy skule, Rennesøy skule, Sjernarøy Oppvekstsenter, Ombo oppvekstsenter og Vikevåg skole