-Eg er mest uroleg for minstepensjonistane og dei som har lite frå før. Dei andre klarer seg nok, seier Jenny Aarsheim frå Vikevåg.,

Ho har fått med seg at det er eigedomsskatt på trappene. Rennesøy har i motsetning til Finnøy ikkje hatt eigfedomsskatt, men fleirtalspartia i Nye Stavanger kommune er nå blitt enige om at det skal vera eigedomsskatt i heile kommunen. Dette trass i at alle tre ordførarane skreiv under på at det bare skulle vera skatt i "bymessige strøk".

For Rennesøy sin del er det blitt tolka som i Østhusvik og Vikevåg.

-Eg tykkjer ikkje dette er greit, men når krybba er tom så bitast hestane. Det er vel det som ligg under, meiner Aarsheim, som hadde trudd det meste skulle bli billigare med ein stor kommune, ikkje omvendt.

-Men kommunane får mindre og mindre pengar, ser det ut til, og så kjem eldrebølga i tillegg, seier ho.

Kjell Garborg frå Vestre Åmøy legg ikkje fingarne imellom. Då han las om saka på nettet skreiv han "rundlurt" i ein kommentar. Det står han på ennå.

- I intensjonsavtalen står det at me skal sleppa skatten, og så snur dei og godtar alt. Nye Stavanger prøver tydelegvis å hanka inn pengar kor dei kan, meiner Garborg.

Leif Helge Årthun frå Askje er ikkje overraska over at det blir eigedomsskatt i Rennesøy.

-Det har lege i korta. Eg tykkjer ikkje noko om det, og det er ein dårleg start for den nye kommunen, meiner han.

Anbjørg Larsen frå Sokn er heller ikkje overraska.

-Det er eit brot med intensjonsavtala å innføra eigedomsskatt i heile Rennesøy, men ein avtala er bare ein avtale så lenge han har politisk støtte. Det er veldig vanskeleg å få dette rettferdig. Dessutan er det ein lovleg skatt, og det offentlege må ha inntekter. Kommunane får bare mindre og mindre frå staten, ser det ut til, seier ho.

Lulla Birkeland og Aslaug Falkeid sparer heller ikkje på konfekten når det gjeld eigedomsskatten. Begge bur på Finnøy og vil få lågare eigedomsskatt enn Rennesøy.

-Heile skatten er toskeskap. Eg bur i eit hus med fire leiligheter, og betaler 4300 kroner i året i eigedomsskatt. Eg går ut frå at dei andre betalar like mykje, seier Aslaug Birkeland.