Eit vedtak om eit spissa seriesystem frå Forbundstinget i NFF frå i mars, gjer det nemleg mogeleg å gå frå dagens to puljer til berre ei 4. divisjonspulje i NFF Rogaland sitt seriesystem. Dette fordi kretsen berre har fått tildelt to lag som kan rykka opp i den såkalla Norsk Tipping ligaen,3. divisjon.,

Det betyr då i klartekst at nålauga for å rykkja oppover i divisjonssystemet blir enno trongare enn i dag. I eit forslag som er sendt ut til alle klubbane, er det nemleg skissert eit opplegg med berre ei 4.divisjonspulje på 14 lag, der då dei to beste rykker opp til Norsk Tipping ligaen, i 3. divisjon. Men det vil framleis også vera mogeleg å behalda dagens opplegg med to 4.divisjonspuljer, der berre vinnaren rykkjer opp. Om klubbane på kretstinger i februar vel å gå for alternativet med berre ei 4. divijsonspulje, vil heile 7 av dei 11 laga som skal spela i pulje 3. i 5.divisjon kunne rykkje ned til 6. divisjon frå 2021.I 5. divisjon vil det då nemleg berre vera to avdelingar som til saman skal ha 28 lag, medan det i 6.divisjon vil vera fire avdelingar med til saman 48. lag. I 7. divisjon er det lagt opp til 5 avdelingar, men det avheng av tal påmeldte lag.

Klubbane i NFF Rogaland hadde frist til 15, desember til å koma med sine synspunkt til ei slik eventuell omlegging.Men det vil vera kretstinget i NFF Rogaland i februar som vil ta den endelege avgjerdsla. Der vil det vera mogeleg for alle klubbane i Rogaland å vera representert.