Frå storsiger til stortap

Etter Finnøy sin storsiger og glitrande kamp heime mot Vardeneset 2 måndag kveld, der dei vann heile 7-3, var forventningane skrudd opp eit hakk då lager møtte Bogafjell i bortekampen fredag kveld.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Men då laga gjekk av banen, stod det heile 5-0 til Bogafjell.Det i ein kamp der det meste rakna på slutten.Ja faktisk scora heimelaget heile 4 mål, berre på dei siste 13 minuttane av kampen der to av måla kom på straffe.Ved pause stod det heiderlege 0-0.,

Finnøy ligg likevel enno relativt trygt plassert over nedrykksstreken i si pulje i 5. Divisjon, med sine 14 poeng etter 17 spelte kampar.På direkte nedrykksplass ligg Kvitsøy med berre 6 poeng.Mastra sikra seg endeleg poeng i den same divisjonspulja, etter å ha spela uavgjort 3-3 heime mot hillevågslaget Jarl.Med minst uavgjort i neste heimekamp mot laget som ligg like bak Finnøy, nemleg Randaberg 3, kan Finnøy ta eit stort steg for definitivt å sikra plassen i 5. Divisjon også til neste sesong.Denne kampen blir spela måndag 14. Oktober på Leikvoll.

Publisert: