|Tor Øyvind Skeiseid, Svenhild Eggebø og Tolli Frestad er klare for Ryfastløpet.

Laurdag 5.oktober vert det skrive historie då verdas fyrste undersjøiske halvmaraton går av stabelen i Ryfastsambandet, to månadar før den offisielle opninga. Idrettslaga Midtbygdens IL og Staal Jørpeland IL frå Strand er hovudarrangørar, i tett samarbeid med Statens vegvesen. Ryfylke Livsgnist er leigd inn av MIL og Staal for å organisera store delar av prosjektet.,

- Dette er eit megaprosjekt, det største enkeltarrangementet Ryfylke Livsgnist har hatt. Det er så stort at det er vanskeleg å førestilla seg. Det høyrest ikkje så valdsamt ut å få 7500 løparar gjennom to tunnelar, men den biten er berre ein del av prosjektet, smiler Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist.

- Me veit ikkje kor mykje publikum som kjem, difor må me ta høgde for alle eventualitetar. At arrangementet føregår på tre stader samtidig, Våland og Hundvåg i Stavanger, samt på Solbakk i Strand, er krevjande i seg sjølv. Tenk når «alle» kjem med eigne bilar, og det er parkeringsforbod på områda? På Strand-sida er det sett opp gratis shuttlebussar frå Tau og Jørpeland. Det er ein enorm logistikk, kvar minste ting er planlagt ned til aller minste detalj. Alt må vera tenkt på og planlagt i forkant. Dei over 300 frivillige skal vita nøyaktig kva ansvarsområde dei har. Beredskapen er enorm, med alt av naudetatar som skal organiserast på plassen.

Gigantløpet er kostnadsrekna til fem millionar kroner, men Skeiseid vil ikkje røpa kor mykje Ryfylke Livsgnist får for jobben.

- Nei, eg kan ikkje det. Men eg kan sei at prisen er rett. Me jobbar på oppdrag for idrettslaga MIL og Staal, og då seier det seg sjølv at prisnivået er edrueleg. Hadde det vore snakk om ein stor kommersiell aktør, ville rekneskapen kanskje sett annleis ut, men me har ikkje til føremål å tyna oppdragsgjevarane våre.

Oddbjørg M. Måland