Tor Øyvind Skeiseid trur det var rekordmange innom årets Tomatfestival.|Mykje folk på årets festival.

FINNØY: -Eg ser ikkje bort frå at me kan ha sett ny publikumsrekord, eller i alle fall tangert den gamle frå 2009. Då var det 4000 betalande. I år tok me ikkje inngangspengar, så det eksakte talet er vanskeleg å fastslå. Men det er nok i nærheten av 2009-talet, seier Skeiseid til Øyposten.,

Han meiner likevel at smittevernet blei teke godt hensyn til, mellom anna fordi årets Tomatfestival var spreidd på fleire arrangement.

Han oppsummerer festivalen som ein stor suksess, og er godt fornøyd med at mange av dei lukka arrangementa var nesten, eller heilt fulle.

Mykje folk på årets festival. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Barnekokkeskulen var fullteikna, kvelden med Dag Otto Laurizen var også så godt som fullteikna, Coop-Quizen var fullteikna og det var heller ikkje så mange ledige seter på åpningsseremonien. På "Ta sjansen" trur eg det må ha vore rundt 600 som såg på. Opplegget med påmelding på førehand ga oss ein god del meirarbeid, men me hadde ikkje noko val, seier Skeiseid.

Han meiner også årets festival ga viktig lærdom for seinare festivalar.

-Talet på utstillarar var færre i år enn i før, og det trur eg var rett. Dessutan er torsdagen den rette dagen for tomatkonferansen, konkluderer Tor Øyvind Skeiseid.

Også sjefen i Tomatfestivalen, Silje Vignes Flesjå, er veldig godt fornøyd med årets festival.

-Det har vore ei fantastisk helg kor det meste klaffa. Det fantastiske vêret gjorde også at det blei skikkeleg festivalstemning på Judaberg, seier Vignes Flesjå, som legg til at tilbakemeldingane frå publikum er svært gode.

Ho framhevar også innsatsen til hovudgjesten på festivalen, Dag Otto Lauritzen.

-Han leverte til fulle, og stod på frå seint til tidleg. Dessutan deltok han i mange ulike samanhengar, som gjorde at både barn, unge og vaksne fekk møtt han, seier ho.

Også nysatsinga Tomat-TV, direktesendinga på TV Vest, har dei fått gode tilbakemeldingar på.

-Korleis kjem de ut økonomisk etter årets festival?

-Det er litt for tidleg å seia, det blir spennande å sjå,  seier Silje Vignes Flesjå.