Benken er plassert i parken i Vikevåg.|Benken stod først her, men kommunens folk fann ut at han burde flyttast litt på. På skiltet på ryggen står det: Takk for at du går! Her kan du ta deg en velfortjent pause".|Den nye benken er plassert like ved parken i Vikevåg.|Jakob Vestbø har alt prøvd benken.

RENNESØY:

Jakob Vestbø frå Rennesøy har alt prøvesete den nye benken.,

-Den er grei nok, den, er hans nøkterne dom over benken. Personleg kunne han  likevel heller tenkt at det fortsatt var parkeringsplass der kor parken er anlagt.

Jakob Vestbø har alt prøvd benken. Foto: FOTO: Privat

Det er Stavanger kommune som har kosta benken, som er ein av tre som er utplassert i kommunen. Dei andre to er på Hundvåg og Tjensvoll, og har henholdsvis fått navna "Utsiktspunktet" og "Pust i bakken". Benkene er ein del av Mobilitetsveka, og skal lokkla folk ut på tur.

I fjor blei det også plassert ut tre tilsvarande benker, og dei havna då på Sjernarøy, på Vassøy og i Stavanger sentrum.

Benken er i stål og tre, har ein moderne «look» og er ein benk som Stavanger kommune har plassert fleire av i byen. Benken er produsert av firmaet Vestre i Magnor, som har spesialisert seg på møbler for byrom med livstidsgaranti. Benkene har ein prislapp på 12.000 kroner kvar.

Benken stod først her, men kommunens folk fann ut at han burde flyttast litt på. På skiltet på ryggen står det: Takk for at du går! Her kan du ta deg en velfortjent pause". Foto: FOTO: Rune Nedrebø