Arvid Otto Mørch, alias Sildakongen, er klar med sitt einmannsteater i tre akter.

SKUDESNESHAVN:

«Haugiansk» kost som består av sild, poteter og brød er inkludert i billettprisen.,

- Nasjonal-bautaen Hans Nielsen Hauge er den personen som eg verkeleg identifiserer meg med. Han var grunder, omreisande kulturformidlar og predikant, ikkje ulik meg. Eg er rett nok ikkje predikant i ordest rette forstand, men eg preiker med folk, deler livssynet hans og spreier bodskapen.

Folkeopplysning

,I tre år har heile vestlandets nasjonalikon, sjøkaptein og sildakongen AOSM, Harengus Rex og Herring King of Norway Arvid Otto Sildenskiold Mørch, reist rundt i regionen med einmannsteateret sitt. Han framfører spelet for skuleklassar, lag og foreiningar, menigheiter og forsamlingar, kor og når det måtte passa for dei som engasjerer han.,-

Kva er det som er så fasinerande med Hans Nielsen Hauge?

- Saman med Roald Amundsen er han den største mannen som har levd i Norge, slik eg ser det. På kvar sin måte er dei ekstraordinære. Hans Nielsen Hauge har hatt enorm betydning for kristendommen sin plass i samfunnet, ytringsfriheten og demokratiet i Norge, og han fekk folk i arbeid.

Han tok også eit oppgjer med dei privilegerte samfunnsgruppene, og kjempa saman med bøndene for å opna vegen for fri næringsetablering. Hauge var faktisk til stor inspirasjon for Eidsvoll forsamlinga som vedtok å avskaffa adelen, som det einaste landet i verda, utan blodsutgyting. Han var med andre ord ein markant samfunnsbyggar som sette djupe spor etter seg. Diverre er arven etter Hauge i ferd med å viskast ut. Landet vårt er på veg til å bli avkristna og forfallet i samfunnet er stort.

,-

Kva ønskjer du å oppnå med spelet

?,

- Dette er folkeopplysning og må sjåast på som ein motpol til avkristninga av samfunnet, spesielt gjennom skulane. Eg likar ikkje at oppveksande generasjonar ikkje skal få læra om kristendommen. At me let den smuldra vekk. Desse tinga rettar eg ein peikefinger mot frå scena, rett nok med stor grad av kunstarisk friheit.

Tilpassa

Både varigheita av spelet og prisen varierer, det kjem an på kven publikummet er. Også innhaldet tilpassast publikum og kan difor variera frå èin til to timar.

- Eg må jo det. Eg ser publikum litt an slik at alle skal få best mogleg utbyte. Me er alle på ulike kunnskapsnivå og har varierande bakgrunn, men den raude tråden, den er der sjølvsagt. På den måten passar spelet for alle, uansett kor ein høyrer heime.

Når det gjeld pris, er det i hovudsak to prisar som gjeld. Ein for dei med mykje pengar, og ein annan for dei med mindre.

- Når eg spelar i bedehus, til dømes, er prisen 200 kroner per person, og 50 kroner går tilbake til bedehuset. Elles er det 250 kroner per person, og 50 kroner går tilbake til laget eller organisasjonen.

-Dette handlar ikkje om pengar, men opplysing frå ei viktig tid i vårt lands historie, avsluttar, Sildakongen, Arvid Otto Sildenskiold Mørch.