Interiør frå nybygget til Finnøy sjukeheim.

FINNØY:

Prisen på nybygget på Judaberg har stadig krope oppover. Først var det snakk om 116 millionar kroner, så blei dette auka til 140 millionar for så å bli oppjustert til 179 millionar kroner. Nå er altså prislappen komen opp i 250 millionar kroner.,

Det går fram av overslaget som kjem på politikarane sitt bord neste veke. Den eksplosive kostnadsveksten blir mellom anna forklart med sterkt prisvekst på byggevarer og vanskar med å skaffa arbeidskraft til byggebransjen. Dette førerer igjen til at entreprenørar må leggja inn høge anbudsprisar for å sikra seg.

Dessutan er oppdraget med nybygget splitta opp i heile 15 oppdrag, noko som er gjort for å prøva å få inn lokale bedrifter på øyane i konklurransen.

Men det viser seg at dette i bare liten grad har lukkast, ifølge kommunen, som trur det kan skuldast at kvart av oppdraga like vel er for store til at dei lokale bedriftene kan gi seg i kast med dei. Det blir også påpeika at sjukeheimsbygg er svært tekniske og kompliserte.

Kommunen har difor vore inne på tanken om å avlyse heile anbudskonkurransen, og heller lysa ut heile prosjektet som eitt oppdrag for om mulig få ein lågare pris. Men det ville igjen bety at byggestart måte utsetjast, pluss kostnader med ny prosjektering utan at det er sikkert at den totale kostnadsramma likevel ville bli lågare.

Kommunen anbefalar difor å gå vidare med dagens opplegg, og peikar også på at prisnivået ligg på linje med det som er snittet for bygging av sjukeheimar elles i landet.

Planen er å først gjera nybygget ferdig, for så å flytta bebuarane over. Deretter skal kjøkkenet i underetasjen på den eksisterande sjukeheimen renoverast samtidig som første og andre etasje på dagens sjukeheim blir pussa opp.

Basen for heimebaserte tenestar får nå eigen inngang og eigne fasilitetar. I dag må dei bruka toaletta på sjukeheimen, noko som ikkje er gunstig med hensyn til smittefare.

Tanken er å laga eit flott grøntområde mellom bygningane, og leggja til rette for ein sansehage. Dagens hage er ikkje tilrettelagt for dette, og må uansett gravast opp for å føra fram røyrledningar til  nybygget.