Bjørg Vestbø i Rennesøy Frivillighetssentral er primus motor for Rennesøy sitt engasjement i Frivillighetens år 2022.

FINNØY-RENNESØY

: I tillegg skal Rennesøy frivilligsentral vera med på signalarrangementet Sykkleturen 2022.,

Gjennom heile året skal frivillige organisasjonar, lag og foreiningar, kommunar og privatpersonar over heile landet feira den frivillige innsatsen som blir lagt ned kvart år. Norges viktigaste lagarbeid, som det vert kalla. Alle lag og organisasjonar kan velja sin eigen dag for markeringa.

Samarbeid

- Me skal markera frivilligheitsåret saman med lokale lag og organisasjonar i samband med Tomatfestivalen i august. Om ikkje lenge skal me setta oss ned og utarbeida eit kjekt program. Me har visse tankar om kva me ønskjer å få til, men programmet er ikkje spikra, fortel leiar i Finnøy frivilligsentral, Ragnhild Valand.

Stavanger kommune har sett av 300 000 kroner som skal delast på gode initiativ og aktivitetar som bidrar til å feira og synleggjera frivilligheita i kommunen.

I Rennesøy er det Bjørg Vestbø, leiar av frivilligsentralen, som går i bresjen for markeringa.

- Me gjer som Finnøy og planlegg ei markering i kombinasjon med vår folkefest, Rennesøydagen som går av stabelen 27. august. Me skal og laga eit opplegg saman med frivillige lag og organisasjonar, men heller ikkje hjå oss er programmet klart ennå, fortel Vestbø. Ho held fram: Frivilligsentralen i Rennesøy har jobba for å bli med på Sykkelturen 2022, som er også er eit ledd i Frivilligheitsåret.

Norge på langs

- I løpet av tre månadar i sommar skal frivillige lag og organisasjonar sykla gjennom heile landet for å skapa gode og inkluderande lokalsamfunn. På Rennesøy skal me sykla ein etappe som går frå Utstein Kloster hotell til tunnelopninga på Sokn, sundag 3.juli. Randaberg frivilligsentral overtek stafettpinnen på andre sida av tunnelen.

Sykkelturen går frå Nordkapp til Arendalsveka, frå 21. mai til 15. august. Kjendis og eks proff-syklist Dag-Otto Lauritzen er ambassadør for turen.

Øyposten ønskjer å høyra viss det er lag og organisasjonar, skular, barnehagar, bedrifter eller privatpersonar i Finnøy eller Rennesøy som har planar om å markera frivillighetens år på ein eller annan måte. Me vil gjerne presentere dei forskjellige initiativa i avisa.

Vil du vita meir om denne saka, kan du søka på nettet: frivillighetens år 2022.