Ryfylkeferja går førebels på biodeisel

Den nye hybridferja MF «Ryfylke» har vore i drift ei snau veke, men går ikkje på straum ennå.

Problem med innstalasjon av ein trafo på Nedstrand gjer at MS «Ryfylke» ikkje går på straum ennå.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Jomfruturen gjekk frå Nedstrand til Stavanger sist laurdag morgon.

Den nye ferja skal betjena ryfylkeøyane på sambandet mellom Nedstrand og Stavanger, og skal kunne gå heile ruta før den må ladast om natta på Nedstrand.

Manglar ladeinnstalasjon

Slik er det ikkje no.

– Det stemmer. Diverre er ikkje ladeinnstalasjonen på plass ennå. Haugaland Kraft ventar på ein trafo som er forsinka og kjem fyrst i midten av juli. Inntil vidare går den på biodiesel, opplyser Anette Røberg, driftsleiar i Norled.

Ferja har vore lenge etterlengta av folk på øyane, og vil gjera kvardagen enklare for mange.

– I 43 år har eg kjempa for betre kommuniksjon til Byre og dei andre småøyane. Mange har nok rekt å bli lei maset mitt om ferjerutene. Men når det er sagt, er eg sjølvsagt svært glad for framskrittet den nye ferja representerer.Den er heilt nødvendig for vidare utvikling og drift på småøyane. For vår del kom den diverre for seint. Dei ansvarlege skal likevel få ein takk til slutt, smiler Kari Velve Byre.

Batterikapasiteten tilsvarer 42 Teslaer eller 4000 kilowattimar.