Kravet i årets jordbruksforhandliungar blei lagt fram onsdag. Frå venstre staten sin forhandlingsleiar, Vill Søyland, leiar i Norges Bondelag Bjørn Gimming og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Kjersti Hoff.|Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Griming.

OSLO: Av dette skal 2,4 milliardar går til å dekka kostnadsveksten i år.,

Ifølge Bjørn Grimming, leiar i Norges Bondelag er kravet starten på ein snuoperasjon for næringa, for å tetta inntektsgapet i forhold til lønsmottakarar.

Kravet skal utgjera ein inntekstvekst på 125.300 kroner per årsverk, av dette skal 100.000 gå til å løfta inntektene.

Bondeorganisasjonane sitt krav legg til grunn inntekstvekst for hjeile landbruket, men mest på sau, korn og ammeku.

Ifølge leiaren i småbrukarlaget, må bøndene tilbake til 1976 for å finna eit liknade krav. Men kravet i år er høgare målt per bonde. Til samanlikning var kravet i fjor på 2,1 milliardar.

-Det er dette som må til. Dette er eit skjebne-oppgjer, slår leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff fast.

Leiaren for Staten sitt forhandlingsutval, Vill Søyland, legg ikkje skjul på at forhandlingane blir vanskelege.

Søyland peikar på at kravet får omfattande konsekvensar både for matprisane og for statsbudsjettet.

-Det blir svært krevande forhandlingar, spår Staten sin forhandlingsleiar, som også viste til at konkurransekrafta for norsk landbruk må tas med i reknestykket. 1,8 milliardar av kravet skal tas ut gjennom auka målprisar, resten gjennom auka overføringar.

I fjor var kravet på 2,1 milliarder, og i 2019 var det på 1,9 milliarder kroner.

Staten kjem med sitt tilbud 4. mai., om ei veke.

Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming. Foto: FOTO: Norges Bondelag