1. januar blei det gjort endringar i fleire lovar og regler her til lands. Her kjem ein oversikt over endringar det kan være lurt å merka seg.

Regjeringa innfører våpenamnesti

Har du arva eit våpen, eller har du eit skytevåpen du ikkje veit om er registrert, så kan du levera inn ulovelege våpen utan å risikera straff frå 1. januar til 1. juni 2023. Regjeringa har nemleg innført eit såkalla våpenamnesti. Amnestiet gjeld også for ammunisjon og for ulovlege våpen som ikkje er skytevåpen, til dømes elektrosjokkvåpen, ulovlege knivar og tåregass.

Fri rettshjelp

Frå nyttår blir reglane endra for kven som kan få fri rettshjelp. For einslege personar blir inntektsgrensa auka frå 320.000 kroner til 350.000 kroner, og for par blir den auka frå 490.000 kroner til 540.000 kroner. Grensa for formue blir auka frå 100.000 kroner til 150.000 kroner.

Strengare krav til kildesortering

Frå nyttår kjem det også nye krav til sortering av mat- og plastavfall frå hushaldningane.

Regjeringen anslår at dette vil føra til at delen av plastavfall som blir gjenvunnen aukar frå 23 prosent i 2016 til 52 prosent i 2035. For bioavfall reknar regjeringa med at i 2035 blir vel 70 prosent sortert, mot snautt 50 prosent i dag.

Bare ein halv kartong sigarettar

Kvoten for røyk frå taxfree-butikkane blir også redusert frå nyttår. Det blir bare lov å ta med 100 sigarettar eller 125 gram snus inn landet.

Auka skatt

Frå 1. januar blir formuesskatten auka frå 0,95 prosent til 1 prosent i trinn 1 (mellom 1,7 og 20 millionar kroner). Dessutan blir verdien av aksjar og bustader auka.

Derimot blir inntektsskatten kutta for inntekter under 750.000 kroner, medan den blir auka for inntekter over 750.000 i året.

BSU-kutt

Frå 1. januar får folk som nyttarr seg av boligsparing for ungdom (BSU) ikkje lenger like mykje i skattefrådrag på pengane dei sparer. Frådraget blir kutta frå 20 til 10 prosent.

Det blir moms på dei dyraste elbilane

Frå nyttår blir det innført moms på elbilar for den delen av kjøpesummen som er over ein halv million kroner.

Det blir lettare å få lån

Regjeringen endrar på utlånsforskrifta slik at det blir lettare å få boliglån. Frå 1. januar skal bankane leggja til grunn ein renteauke på minst tre prosent når lånesøkjars betalingsevne blir vurdert. I dag er det minst 5 prosents auke som blir lagt til grunn.

Endringar i arbeidsmiljøloven

Frå 1. januar blir retten til å ha fulltidsjobb styrka i arbeidsmiljølova. Hovudregelen skal vera at arbeidstakarar skal ha fulltidsjob, mens deltidsjobbar skal dokumenterast av arbeidsgjevar.

Lakseskatt

Regjeringen har også foreslått å innføra grunnrenteskatt på havbruk frå 1. januar 2023. Detaljane i ordninga er ikkje spikra ennå, og forslaget er ute på høyring.

Fritt behandlingsval blir avvikla

Frå 1. januar blir ordninga med «fritt behandlingsvalg» fjerna i helsevesenet. Pasientane skal fortsatt ha rett til å velja behandlingsstad, men ordninga som gir private aktørar fri etableringsrett forsvinn.

Auka gebyr til pasientar som ikkje møter til time

Gebyret for pasientar som ikke møter til avtalt poliklinisk time, aukar frå 1.125 kroner til 1.500 kroner. Gebyret innan psykisk helsevern og rusbehandling blir ikkje auka og er framleis på 375 kroner.

Endringar i hundelova frå 1. januar

Endringane skal i større grad å forebyggja skader og ulemper som har med hundehald å gjera.

Strømstøtta bli forlenga

Den mellomvelse lova om straumstøtte til husholdningar blir forlenga frå 1. januar. Den skal nå gjelda ut 2023.