Vegen har vore stengd for både bilar og fotgjengarar sidan januar. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Vegen er framleis stengd, fortel Egil Øfstebø, kontrollingeniør i Seksjon Drift og Vedlikehald i Rogaland:

– Det står att litt arbeid. Dette er i hovudsak opprydding. I tillegg er det litt asfaltarbeid som må gjerast, og autovern må setjast opp.

Han kan ikkje på dette tidspunkt seie noko om kva tid vegen kjem til å opne att.

Frist i påska

Fristen for vegarbeidet gjekk ut i påska, og det står ikkje lenger melding om at vegen er stengd på nettsidene til Statens vegvesen.

Vegtrafikksentralen fortel til Øyposten at det har skjedd ein kommunikasjonsglipp sidan dei ikkje har fått beskjed om at vegarbeidet ikkje er ferdig.

– Her skulle fylket sendt melding til oss om å forlengje vegstenginga, og dette har ikkje vore gjort. Me visste ikkje at vegen framleis var stengd, seier Vegtrafikksentralen.

Ras i desember

Vegen stengde opphavleg etter eit ras som gjekk natt til 20. desember i fjor. Då blei fylket merksame på at det trengst rassikring, og dette arbeidet blei starta i januar.

Då informerte Anne Karin Gundersen, byggeleiar i Statens vegvesen, om at dei ville starte reinsking av fjellsida og å setje opp sikkerheitsnett der raset hadde gått.

No er dei altså ferdige med sjølve rassikringa, og vegen vil opne att så snart oppryddinga, autovern- og asfaltarbeidet er gjort.

Dette bilete blei tatt klokka 05.32 natt til 20. desember. Vegen har vore heilt stengd sidan januar. Foto: Lesarbilete