Då er førehandsvalet over – så stor var oppslutninga

Fredag klokka 15 stengde lokala for førehandsstemming.

Valfunksjonær Norun Østbø ved vallukket på Rennesøy innbyggartorg torsdag. I bakgrunnen valfunksjonær Tone Rørheim.
Publisert:

Eit par timar før stengetid fredag, fekk Øyposten denne oversikta over kor mange som har nytta høvet til å stemme før sjølve valdagane i dei ulike valkretsane i øyane:

ValkretsAntal med stemmerettAntal førehandsstemmer
Finnøy1801635
Fogn25344
Ombo18536
Sjernarøy25755
Rennesøy2095618
Mosterøy1846526

Til saman betyr dette at 30 prosent av dei med stemmerett i Finnøy og Rennesøy har stemt.

Når me tek med at samla oppslutning om kommunevalet i 2019 var 66 prosent i Stavanger, så vil det sei at nær halvparten av alle som vil stemme har stemt før sjølve valdagane søndag 10. og måndag 11. september.

Mest imponerande er talet for Finnøy valkrets med 35 prosent oppslutning.

– Tala er ein del høgare enn dei me hadde til kommunevalet i 2019, seier valsekretær Linda Vestersjø:

– Interessa for å førehandsstemme steig kraftig under pandemien, og me ser ut til å ha ein effekt av det ennå.

Resultat kan først offentleggjerast når vallokala stenger måndag klokka 21.00. Nokså raskt etter klokka 21 vil tala frå førehandsvalet bli lagt ut på valgresultat.no, og som det ser ut så vil den prognosen gi eit rimeleg godt bilde av korleis kommunevalet 2023 kjem til å gå.

Samla for valkretsane i Stavanger så har nøyaktig ein av tre med stemmerett førehandsstemt.

Publisert: