Christian Houge-Thiis (t.v.) er klar til å ta over praksisen til Marianne Zweering. Foto: Silje Talgø Klakegg

1. mars er den magiske datoen der Marianne Zweering endeleg kan leggje bort vekkarklokka. Ho blir pensjonist, men det er kanskje berre på papiret.

– Eg skal fortsetje med medisinsk yoga, som eg har kursa finnøyfolk i dei siste åra. I tillegg er eg i gang med å lære magedans. Dette er ein fin aktivitet når ein skal arbeide med kjernemuskulatur og rørsle, og dette er mykje brukt i rehabiliteringssamanheng, seier Zweering:

– Det har vore store forandringar i arbeidskvardagen dei åra eg har arbeidd på Finnøy. Dei første seksten åra var eg tilsett i kommunen, men i 2005 måtte praksisen privatiserast med driftstilskot fordi Finnøy kommune ikkje lenger hadde råd til å løne meg. Arbeidet mitt var framleis det same, men eg måtte begynne å ta meg av det økonomiske i tillegg. Dei siste åra har det blitt utfordrande med stadig nye datasystem og skrivarar som ikkje verka.

Trivst godt

For 35 år sidan flytta Marianne Zweering og Jan Asjen Mensink frå Nederland til Finnøy for å jobbe som fysioterapeut og psykomotorisk fysioterapeut i Finnøy kommune med 3000 innbyggarar spreidd over 15 bebodde øyar. Denne geografien og det å jobbe mykje åleine var til tider utfordrande, men også svært variert.

– Som fysioterapeut i ein liten kommune kan du ikkje bli spesialist i bare eitt fagområde, men ein må kurse seg i mange forskjellige fagområde, seier ho.

Ho har jobba blant anna med eldre på sjukeheimen, barn på helsestasjonen, rehabilitering etter operasjonar, funksjonsnedsettingar, behandling av menneske med muskel- og skjelettlidingar, revmatiske og nevrologiske lidingar, og har hatt artroseskule, både individuelt og i smågruppe.

Ho legg til at ho likevel har trivst godt i jobben, men at ho ser fram til å styre sin egen timeplan i større grad.

– Eg vil danse meir salsa, padle meir og gå lange turar, og ikkje minst nytte meir tid saman med barnebarnet mitt, seier ho.

Ho legg til at det er to ting som har vore spesielt med å drive med fysioterapi på Finnøy.

– Den eine utfordringa er geografien. Med 15 øyar med busetnad har det vore vanskeleg å rekkje over alle øyane, fortel Zweering:

– Ein fysioterapitime på ei av øyane utan fastlandsforbindelse, fører til at halve dagen går vekk i reising.

Ein annan ting var aldersspreiinga på dei som nytta tenestene hennar.

– Eg har hatt pasientar frå 0–100 år, så eg var til dømes nøydd til å kurse meg i fysioterapi på barn. Eg har også hatt fordjuping i nevrologi, som ofte handlar om slagpasientar eller personar med parkinsons.

Nye krefter

Med seg på kontoret måndag ettermiddag, har ho dei yngre kreftene. Dei yngre kreftene heiter Christian Houge-Thiis og kjem frå Stavanger. Han er 47 år ung og bur på Tasta med kone og to tenåringssøner.

– Eg ser fram til å jobbe på Finnøy, seier Houge-Thiis. Utdanninga har han frå Stoke i England, der han gjekk på Keele University. I ettertid har han fordjupa seg i lymfødem.

Dei siste par-og-tjue åra har han pendla til Kvinesdal, så reisevegen mellom Tasta og Finnøy vil bli mykje kortare no.

Fysioterapi er eit fagfelt som er veldig breitt, fortel Zweering og Houge-Thiis.

– I all hovudsak handlar det om undersøking og behandling av tilstandar i muskel- og skjelettlidingar, seier dei:

– Det handlar både om nevrologiske tilstandar hjå eldre og utvikling av barn, og om førebygging av kroniske smertetilstandar. Eit døme på dette er korleis ein skal arbeide for å førebyggje artrose. Her er både styrke- og balansetrening viktig, og ikkje minst førebygging av overvekt.

Som privatpraktiserande fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot er praksisen ein del av den kommunale helsetenesta, og eigenandelsbetalinga fell under frikortsystemet.

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få oppfølging av fysioterapeut. Frå no av er det Christian Houge-Thiis du må ta kontakt med for avtalar. Han treff du på følgjande telefonnummer: 99282132.