Torsdag 15. februar blei det opna konkurs i buet til Mabda Service Bygg AS. Firmaet dreiv med renovasjon av bustader og hadde bare halde på i drygt eitt år.

– I fjor kom det nye reglar for bemanning, fortel innehavar Nicolae Emanuel Mabda:

– Eg leigde inn folk gjennom Arne Madland og Ryfylke Landbrukstenester, men plutseleg kunne eg ikkje det lenger. Frå 1. juni måtte alle vera tilsett i firmaet, og eg hadde elleve personar i arbeid. Det gav store utfordringar.

I tillegg hadde prisane på diesel og materialar skote i vêret, samstundes som det var vanskeleg å ta ut prisauken i marknaden.

Trøytt av risikoen

– Det var små marginar og stor risiko. Eit lite sjukefråvær var nok til å gi store problem, fortel Mabda.

– Eg blei trøytt av all risikoen. At eg kvar dag hadde fem til åtte mann som eg skulle senda ut på jobb, var eit stort ansvar. Nå vil eg driva vidare med enkeltpersonføretaket Mabda Service, som eg har hatt sidan 2019.

Dei tilsette, som stort sett har hatt base på Finnøy, mistar jobben. Nokre av dei vil som Mabda prøva å driva vidare med enkeltpersonføretak i byggebransjen.

Etter konkursen er det truleg nokre leverandørar som ikkje vil få betalt. Mabda kjem heller ikkje skadefri frå det.

– Eg mistar tre bilar og masse verktøy, fortel han.

Jobba seg fram

Mabda kom frå Romania til Finnøy som 17-åring i år 2000. Han har jobba seg fram.

– Eg starta med å plukka jordbær for faren til Henrik Halleland. Seinare har eg jobba 20 år for Roda Maskin. I tillegg til maskinkøyring har eg lært meg ulike handverk, seier Mabda:

– Eg har arbeidd hardt, og med Mabda Service Bygg AS hadde eg eit ønskje om å skape sjansar for andre.

Han bur i einebustad på Judaberg med kone og to born. Ut frå oppdragsmengda i byggebransjen kunne det vore gunstigare å budd i byen, men det vil han ikkje:

– Eg likar Finnøy, stillheiten og utsikta her.