RENNESØY: -Me prøver oss foreløpig litt fram me kva som går bra og ikkje, seier paret til Øyposten.

Dei har inngått avtale med Vegvesenet om å leiga lokalene, og har dessutan renovert kjøkkenet og kafédelen. I tillegg er det eit møtelokale, skråstrek selskapslokale.

Nå byr dei på surdeigsbrød og kveitebakst, som Roar Haug lagar, mange typar syltetøy frå mor til Olaug, Gunvor Nessa, saft og «kristelege vin», også frå Gunvor Nessa, saueskinn frå garden på Finnøy og kjøttvarer frå eigne lam.

Og viss nokon i ferjekøen har gløymt småting til hytta, har dei også ein liten avdeling for det.

Sel også kunst

Lokale produkt frå Finnøy: Syltetøy, saft og saueskinn. Foto: Rune Nedrebø

Dessutan er den eine veggen pryda med frodige og artige bilete, laga av mor til Roar Haug med kunstnarnavnet «Gloria Fabel». Også dei er til sals.

Roar Haug er frå Frosta i Nord-Trøndelag mens Olaug Nessa er oppvaksen på Finnøy. Paret møtttes mens dei studerte i Hamar , og har busett seg i Vikevåg. Nå forpaktar dei heimegarden hennar på Berge på Finnøy, og satsar på sau.

Roar Haug har mellom anna bakgrunn som butikksjef i Deli de Luca og Narvesen, og driv også med eigedomshandel i Spania på sida av gardsdrifta og jobben i «Mortavika kaihus», som butikken heiter.

Mor til Roar Haug med kunstnarnavnet Gloria Fabel, har bilete for salg i butikken. Her «Den Store Barnedåpen». Foto: Rune Nedrebø

Eit døgn på å laga brød

Butikken i Mortavika er åpen onsdag og torsdag frå klokka 0900, mens det er langåpent til klokka 21 i helgene.

-Det har vore ganske bra med besøk i helgene, seier dei, og har også planar om å laga middag på bestilling. Enten som «tamed» eller servert i kafédelen. Det er også mulighet til å leiga lokalet, og då kan paret stilla opp med full middag, viss nokon ynskjer det.

-Roar er ein perfeksjonist som er glad i å lage mat. Surdeigsbrødet tar det 24 timar å få ferdig, og det er veldig sunt, reklamerer Olaug Nessa.