Øyposten har fått skikk på økonomien
Loakalavisa Øyposten har fått økonomien på rett kjøl igjen, takka vera auke i annonsar og kostnadskutt.
FINNØY: Mens Øyposten i fjor fekk eit underskot på vel 400.000 kroner, har nå økonomien betra seg radikalt. Dei to første månadane syner rekneskapen eit overskot på 75.000 kroner. Det er også eit resultat som Schibsted er nøgd med.
-Me har fått inn Sveinung Tou som annonseseljar, noko som har betra økonomien vår sterkt. Dessutan er me forsiktige med utgiftene, seier redaktør Rune Nedrebø i Øyposten.
Dei to første månadane hadde Øyposten 11 heilsider med annonser utanom dei faste annonsane frå Coop’en og Kiwi, og til vårnummeret denne veka er det teikna inn mellom 9 og 10 sider.
-Dessverre gjekk me glipp av dei gode annonsemånadane november og desember, noko som kunne betra økonomien vår endå meir. Sveinung Tou blei først tilsett ved årsskiftet, opplyser Nedrebø.