Monica T. Dysjaland og Lilja Ånadal jobber som koordinatorer i Home-Start. Foto: Solfrid Sande

Home-Start Familiekontakt er et familiestøtteprogram der frivillige besøker ein familie i 2–4 timar i veka.

Programmet fylte 50 år i år, og blei opphavleg starta av Margareth Harrison i England, og omfattar nå 22 land. I Stavanger starta Home-Start Familiekontakt opp i 2018.

Treng fleire

Avdelinga i Stavanger ønsker å knytte til seg fleire frivillige, og arrangerer kurs i januar.

– Familiar kjem til oss med ønskje om støtte frå alle kommunedelane, og avstand er sjølvsagt ei utfordring. Men det er ikkje dette me ser mest på når me matchar familiekontakt med familie, seier Lilja Ånadal som er koordinator ved Home-Start Familiekontakt Stavanger.

– Det viktigaste er at det er noko felles som dei kan byggje relasjonen på, og behova til dei ulike må også passe saman. Hjelpa skjer på ulike tider av dagen, så det er mykje å ta omsyn til. Familiane som får hjelp, må ha minst eit barn under skulealder.

Ho legg til at dei frivillige har teieplikt, og at dei må levere politiattest for å få lov til å bli familiekontakt.

– I tillegg har me dette obligatoriske kurset på 23 timar som ein må ta for å bli godkjend familiekontakt.

Ulike behov

Ånadal fortel at det er ulike behov som gjer at familiar tek kontakt med dei.

– Nokon treng bere nokre timar søvn, og då kan til dømes familiekontakten ta med tvillingane på trilletur så mor for sove. Andre kan trenge hjelp til at nokon passar dei yngre barna i familien medan dei eldre får hjelp av foreldra med leksene. Det er opp til kvar familie å definere kva deira behov er.

Etter det siste kurset, fekk dei 12 nye familiekontakter, 9 av dei vart kobla til  ein familie før jul.

– Me har no to menn som er familiekontaktar, og knyter gjerne til oss fleire. Det er alltid nokon som ventar på å få tildelt ein familiekontakt. Det er eit krav hjå oss at du skal ha hatt eigne barn eller ha anna erfaring med å vere i relasjon til barn.

Breitt samarbeid

Home-Start har eit breitt samarbeid med ulike instansar som informerer familiar om moglegheita til å ta kontakt med dei.

– Det er eit lågterskeltilbod. Hovudmålet vårt er at me får kome tidleg inn, før familiane er utsliten. Den hjelpa ein får frå oss, skal kome i tillegg til eventuell anna hjelp, som avlastning.

Ånadal oppfordrar menneske som kjenner at dei har nokre timar til overs i løpet av veka, og som har lyst til å gjere ein forskjell for ein familie som treng det, om å melde seg på kurset hjå dei.

Påmelding og informasjon finn du på Stavanger kommune sine nettsider.