Ordførar Kari Nessa Nordtun deler bekymringa for pelsdyrbøndene

Ordførar Kari Nessa Nordtun er bekymra for situasjonen for pelsdyrbøndene.

Ordførar Kari Nessa Nordtun.
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Det var representanten Henrik Halleland (krf) som reiste spørsmålet til ordføraren i formannskapet om kva ho kan gjera for å få fortgang i utbetaling av erstatning, etter at forbudet mot peldyrhald blei innført.

I sitt svar sa ordførar Kari Nessa Nordtun at ho deler bekymringa for pelsdyrbøndene, og lovar å ta saka opp med landbruksministeren. Ifølge Nessa Nordtun er det seks pelsdyrbønder på Rennesøy, Finnøy og Ombo som ikkje har fått utbetalt erstatning.

-Det er gjort store investeringar i pelsdyrhald for å styrka desse familiebruka. Men finansieringa av ny virksomhet er usikker, noko som betyr ei veldig utfordring for dei det gjeld, svara ordøraren.

I sitt spørsmål viste Halleland til at det er snart fire år sidan Stortinget vedtok å gi pelsdyrbøndene erstatning, etter at peldyrhald blei forbudt i Norge.

«Dette har ført til ein svært vanskelig situasjon for desse bruka. Nå har prosessen stoppa opp på nytt, årsaken er taksering og verdisetting av erstatning.

Fleire av produsentene har nå lagt planar for nye investeringar som skal erstatte pelsdyrproduksjonen, men kan ikkje starte opp pga manglande avklaring på erstatning, påpeika Halleland mellom anna.

Publisert: