FINNØY: Kravet blei opphavleg retta til Stavanger kommune, men kommunen avviste å betala heile summen, fordi det var Statsforvalteren som skulle avgjera saka.

Kommunen gjekk like vel med på å betala vel 23.000 kroner, som tilsvara den tida saka verserte i kommunale organ, og rår til at Jan Bokn krev det resterande beløpet frå Statsforvaltaren.

Pro-Plan klaga på vedtaket og bed om at kommunen tek på seg ansvaret for at dei dokumenterte kostnadane vert dekte.

«Eit eventuelt krav til statsforvaltaren vil krevje juridisk kompetanse og grunngjeving som kommunen ved si forvaltningsavdeling er den beste til å gjere. Ikkje minst gjeld dette dersom statsforvaltaren og kommunen er ueinige om kva som er årsaka til at dette gjekk slik det gjorde», skriv Pro-Plan i klagen til kommunen.

Eva Bringeland har ført saka i pennen for Jan Bokn. Foto: Arkiv

Pro-Plan ved Eva Bringeland viser også til at det er lagt ned tallause arbeids – og dugnadstimar. Pro - plan har som ansvarleg søkjar stått for det formelle papirarbeidet.

«Det har blitt mange arbeidstimar, og nokre av dei er fakturerte Jan og Gunnar Bokn. Det er utgifter som er kome heilt uforskyldt, og som ikkje skal tilleggast dei», skriv Pro-Plan, som legg til at det gjekk tre år før saka var avklart og naustet fekk stå.

Pro- plan fremja Jan Bokn sitt krav til kommunen i september 2021. Kommunen oversende klagesaka til Statsforvaltaren i oktober 2022, og sidan det har ikkje Pro-Plan høyrt eit knyst frå «Statens forlengede arm»

Nå har Øyposten vore i kontakt med seniorrådgjevar Erik Thomsen hos Statsforvalteren i Rogaland, som også hadde hand om naust-saka på Bokn.

-Eg reknar med å begynna å sjå på saka neste veke, opplyser Thomsen, som legg til at det har vore mange kompliserte saker å ta stilling til. Difor har kravet blitt liggjande.

-Viss saka er greit redegjort for, og me ikkje treng fleire opplysningar, kan me sjå på saka nå, opplyser Thomsen.