RENNESØY: Kvart einaste år sidan ekteparet overtok garden i 2006 har dei levert Elitemjølk.

– Ei slik utmerking heng sjølvsagt høgt og er noko dei fleste mjølkeprodusentar ønskjer å oppnå. Det er eit bevis på at me har rett fokus, og det er sjølvsagt veldig kjekt. Det stillast strenge krav til faktorar som lågt celletal, lågt bakterietal, frie fettsyrer og frysepunktet på mjølka for å oppnå dette.

Plettfritt dyrehald

Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka frå norske mjølkeprodusentar. Den beste mjølka blir kategorisert som «Elitemjølk». Mjølka blir analysert for ei rekkje parameter. I tillegg er det krav om godt dyrestell. Bønder som klarer å levere Elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, blir heidra med Sølvtina, og dei som greier det kvar einaste dag i heile 25 samanhengande år blir heidra med Mjølkespannet.

I år er det 86 mjølkebønder i TINE som mottar Sølvtina for å ha levert Elitemjølk i 15 samanhengande år og 29 mjølkebønder som mottar Mjølkespannet for å ha levert Elitemjølk i heile 25 samanhengande år.

– Kva er oppskrifta på produksjon av elitemjølk?

– Det er mange ting. Men ein av dei viktigaste er kvaliteten på grovfôret. Det må vera av god kvalitet og heilt utan sporer, som er ein slags sopp. Elles nyttar det ikkje.

– Siktar du på Mjølkespann?

– Det blir neste generasjon. Me er for gamle og vil ikkje driva så lenge. Men me er heldige som har ungar som vil overta, fortel Aske. Han vilgjerne dela æra med avløysarane som gjer ein utmerka jobb, og som har same fokus på kvalitet og dyrevelferd.