Guttorm Gudmestad, leiar i Rennesøy bondelag, er kraftig skuffa over Stavanger-politikarane.

RENNESØY:

Gudmestad synes straumpakka frå regjeringa er «bedre enn ingen ting», men mest av alt er han skuffa over Stavanger-politikarane. Dei har vore veldig lite synlege i den krisa som har ramma næringa, synes han. Ja, verre enn det.,

-Dei har vore totalt fråverande. I fine talar likar dei veldig godt å framheva at Stavanger er størst både på det eine og det andre i landbruket. Men nå ser det mest ut som om dei har gløymt at me har eit landbruk i denne kommunen. Eg hadde venta meir av Ap og Sp i Stavanger, når dei same partia har regjeringsmakta, seier Guttorm Gudmestad.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken skriv i eit svar til Øyposten at ho lurer på kva Gudmestad meiner.

"Vi er godt informert om situasjonen for både landbruk og gartneriene, i alle fall i Sp. Jeg fronter denne  saken kontinuerlig mot våre mer sentrale politikere. Jeg har snakket med flere, både gartnerier og bønder, og vet godt at det er krise i norsk matproduksjon.

Det vet også landbruksministeren, og jeg synes den siste pakken som kom på bordet for landbruk og gartneri er ganske bra. Ordføreren har invitert landbruksministeren til Stavanger for å drøfte disse spørsmålene. Vi vil nok kontakte Bondelaget i den forbindelse, men har enda ikke fått noe tidspunkt", skriv Sunnanå Hausken mellom anna, og legg til at regjeringa må levera eit godt jordbruksoppgjer til våren.