Denne leiligheiten ifåhagen 29 på finnøy blei nyleg selt for 1.830 000 kroner. 5000 kroner over prisantydning. Foto:Eiendomsmegler 1

FINNØY-RENNESØY:

Eigedomsmeklar Øyvind Bjørgengen i Eiendomsmegler 1 Randaberg, seier det har vore bra omsetting av eigedommar i dei to kommunedelane hittil i år.,

- Ja, det må eg sei, det er allereie selt fleire leilegheiter og einebustader i Finnøy. Dei aller fleste bustader går rundt prisantydning, sjølv om det varierer litt både opp og ned i pris. Me opplever faktisk også at nokre eigendommar blir selt før dei blir lagt ut for sal. I det store og heile er det få bustader å velja i for kjøparane akkurat no, så me skulle gjerne sett det var fleire attraktive objekt på Finnøy, fortel Bjørengen.

Gode tider

Gjennomsnittsprisen i Stavanger ligg på rundt 39 000 kroner per kvadratmeter, og tida det tek å selja ein bustad er i snitt 46 dagar.

- Spesielt er det mange unge, fyrstegongsetablerarar som etterspør lån som ønskjer å kjøpa leilegheit eller rekkehus.

Bjørengen fortel at det for tida er få einebustader og rekkehus for sal i Stavangerområdet.

- Det kan påverka kjøparar til å tenka annleis og vurdera Finnøy og Rennesøy. Me reknar faktisk med det vil skje utover våren.

,-

Korleis ligg det an i Rennesøy?

- Det er grei omsetning på leilegheiter med to soverom. Einebustader og rekkehus er spesielt etterspurt. Også her er det litt for lite å velja i for tida, så litt fleire hus i marknaden hadde vore bra. Me ser at det stadig fleire som ønskjer å busetta seg «på landet» men helst ikkje så langt frå skular og butikk.

Låge renter og auka aktivitet i olje og gass-sektoren har gjort at bustadmarkanden i Stavanger er tilbake etter ei svært svak utvikling frå 2013 til 2019. Trass i den svake utviklingen og låg befolkningsvekst i desse åra har bustadproduksjonen i Stavanger vore høg. Tilgangen av brukte bustader har gått markant ned gjennom året. Dette gjer at me trur på vidare oppgang i prisane i 2022 etter den positive utviklinga i fjor, opplyser direktør i Eiendom Norge, Henning Lauridsen, i ein prognose for bustadmarknaden i 2022.