Den nye ungdomsklubben er eit godt tilskot til fritidstilbodet for unge i Finnøy. (Illustarsjonsbilete og er ikkje knyta til undersøkinga).

FINNØY:

Livskvalitet er tema for årets profil som folkehelseinstituttet nyleg har offentleggjort. Hensikta er å gi informasjon om helsetilstanden til det norske folk og kva faktorar som påverkar den. Rapporten gir grunnlag for det lokale arbeidet med å betra folkehelsa.,

Ligg godt an

- Profilen tek føre seg 30 ulike indikatorar. Dei aller fleste indikatorane er ikkje Finnøy stort annleis enn resten av kommunen eller landet. Nokre avvik er likevel verd å merka seg, både på den positive og den negative sida, fortel tidlegare kommunelege Eivind Vestbø.

Kommunedelen kjem positivt ut  på dei fleste indikatorane som har med levevilkår å gjera.

- Her har Finnøy hatt score over landssnittet i «alle år». Det betyr at tala er til å stola på. Dømer på  slike levekårsindikatorar er tal på innbyggarar med låg inntekt, eldre som bur åleine, mottakarar av uførepensjon, tal på born med einsleg forsørgjar eller som bur trongt.

Ein annan uventa negativ indikator er talet på ungdommar som er med i ein frivillig organisasjon. For landet er prosenten 65 prosent medan  berre 47 prosent  er organisert i Finnøy; dette trass eit rikt organisasjonsliv i kommunedelen.

Mange gjennomfører skulegangen

,-

Kva tenker du om at ungdom i Finnøy ikkje er heilt tilfreds?

- Eg trur dei to negative indikatorane heng saman og påverkar kvarandre. Det ser ut til at kommunedelen har ein jobb å gjera med å skapa eit rikare og meir variert tilbod til ungdommen. Organisasjonslivet i Finnøy kan vera for einsidig til å fanga opp ungdom med andre interesser enn tilbodet tilseier. Det er vel mogleg at dette vil ha positive bieffektar ikkje berre når det gjeld  trivsel, men og «patriotisme» og tilbakeflytting.

Andelen som gjennomfører vidaregåande opplæring er høgare enn landsnivået

.,

- All statistikk må tolkast i lys av annan kunnskap om lokale forhold. Difor er det ikkje eit einsidig svar på korleis me har det i Finnøy. Det kjem an på kven du spør og kva kjelder som blir brukt.

Det  kan vera anekdotisk som personlege historiar, eller basert på subjektiv oppfatning av ein «forståsegpåar.» Ein annan måte å nærma seg svaret er gjennom statistikk. Den har sine klare avgrensingar. Innhenting av data som kan vera omtrentlege, alle variasjonar treng ikkje fangast opp, og små tal gir berre eit augeblikksbilete. Men statistikken kan og gjera oss klokare fordi den demaskerer, gir overblikk og konkretiserer ting som før var ullent, usikkert eller løynt, avsluttar Vestbø.