Høyre vil ha ein stor sjukeheim på Finnøy
Høyre meiner kommunen bør satsa på å byggja ein «fullverdig» sjukeheim på Finnøy med plass til 100-120 eldre, og trur Stavanger-folk meir enn gjerne vil tilbringa sine siste levetid på Judaberg.
STAVANGER: Det er Høyres Jarl Endre Egeland som står bak forslaget. Bakgrunnen er dei skyhøge kostnadane med nybygget til sjukeheimen, som nå er kome opp i 250 millionar kroner. Då er ikkje renoveringa av den eksisterande sjukeheimen teken med, eit arbeid som skal begynna etter at nybygget er ferdig.,
Egeland seier til Øyposten at det vil vera mykje betre å heller satsa på ein stor sjukeheim på Finnøy når ein først er i gang, i staden for å byggja ein liten sjukheim som kanskje blir lagt ned om 10-12 år på grunn av høge driftsutgifter.
Utbygginga skal gi plass til 40 plassar på Finnøy sjukeheim, ifølge Høyre-politikaren.
Lite og dyrt
-Det var det som skjedde med Domkirkens sykehjem i Stavanger, det blei for dyrt å driva, seier Egeland.
Han meiner anledningen nå kan brukast til å planleggja ein stor sjukleheim på Judaberg, som vil gjera det lettare å rekkutera kvalifisert arbeidskraft og også vera ei skikkeleg vitamininnsprøyting for Judaberg og Finnøy kommunedel.
-Utbygginga som det nå er planar om har det vore snakk om lenge, og utbygginga er planlagt i forhold til å dekka behovet i Finnøy kommune med 3000 innbyggarar. Men nå er Finnøy ein del av ein kommune med 143.000 innbyggarar, og me veit at det er press på tomter til offentlege formål i Stavanger. Då kan Judaberg vera eit godt alternativ, meiner han.
Vedunderlege Finnøy
-Vil Stavanger-folk på sjukeheim på Finnøy, trur du?
-Det må vera ein vedunderleg plass å tilbringa si siste tid, meiner Jarl Endre Egeland, som ikkje trur at forslaget treng å forsinka sjukeheimsutbygginga alt for mykje.
-Det kjem an på kor raskt dei jobbar i kommunen, og pluss at dette kan takast etappevis, legg han til.
https://www.oyposten.no/2022/02/16/gigantisk-kostnadssprekk-pa-ny-sjukheimsfloy/
Forslaget skal opp til politisk behandling i dag i utvalet for miljø og utbygging, men Høyre-politikaraen er meir spent på om det får gehør når saka kjem til formannskapet.
Forslaget han stiuller på møtet onsdag har to punkt:
Forslag til vedtak:
- Saken sendes tilbakesendes og fremlegges for UMU når kostnadsoppstillingen er i tråd med oppgitt enhetskostnad som oppgitt i tabell fra Husbanken.
Oversendelsforslag:
- Nytt sykehjem på Finnøy bør sees i sammenheng med kommunens samlete sykehjemskapasitet og det bør derfor vurderes om sykehjemmet skal dimensjoneres for 100++ plasser av bla årsaker som nevnt ovenfor.