Desse vidaregåande skulane er mest populære blant elevane i Finnøy og Rennesøy.
Finnøy-elevane vel meir tradisjonelt enn elevane frå Rennesøy
I desse dagar er det mange avgangselevar som anten har fått svar, eller som snart får svar på skulevalet til neste år. Det gjeld dei som har søkt seg til privatskular.
Dei andre som har søkt vidaregåande opplæring via fylket, må venta i spenning til litt lenger ut på sommaren.
I Finnøy har trenden vore ganske tydeleg veldig lenge. Dei fleste elevane søker seg anten til Strand, Tryggheim, KVS Lyngdal eller Lundeneset i Ølen. På det meste har opp i mot halvparten av elevane søkt seg til friskulane. Det vanlege er at rundt 35 - 40 prosent søker på desse skulane. Dei siste åra kan det likevel sjå ut som trenden ikkje er fullt så tydeleg.
Rennesøyelevane til byen
I Rennesøy er ikkje tradisjonen den same. Dei fleste avgangselevane søker seg til vidaregåande skular i byen og på Randaberg. Mest ingen har søkt privatskulane.
Både St. Olav og St. Svithun er populære skular for dei som søker studiekompetanse, medan Randaberg er mest for dei som satsar på yrkesfag.
En av dei aller mest populære linjene er Ambulansefag vg2 i Sauda. I år skal 103 søkarar kjempa om 15 plassar. Karakterkravet er heile 5.3 og er dermed blant det alle høgste i fylket. Èin av søkarane kjem frå Rennesøy, ingen frå Finnøy har søkt denne linja.
Øyposten har vore i kontakt med inntakskontoret på fylket, og dei private skulane for å høyra korleis det ligg an med søkarar frå Finnøy og Rennesøy på vg1 til neste skuleår.
Slik er fordelinga mellom dei mest populære skulane:
Strand vidaregåande: 8 frå Finnøy, ingen frå Rennesøy.
Tryggheim: 10 frå Finnøy, 2 frå Rennesøy
KVS Lyngdal: 5 frå Finnøy, 2 frå Rennesøy
Lundeneset: 6 frå Finnøy, 1 frå Rennesøy