Låge bilar tek nedi når dei køyrer ombord i ferja på Helgøy.

SJERNARØY:

-Ja, me er kjent med problemet, opplyser Håkon Odland, byggeleiar i kaivedlikehald i fylkekommunen til Øyposten,

Teknisk forklart, og ifølge Odland, skuldast problemet at tanna på dei nye ferjene sine falllemmar kjem for langt inn i forhold til tannskuffa til ferjelemmen.

-Me har bestilt ei lita forlenging av ferjelemmen, slik at ferja kjem litt lenger frå. Då skal tanna passa betre til tannskuffa. Dette arbeidet vil bli gjort så snart delene er levert, opplyser Håkon Odland.